Salmeplan for kyrkjeåret

Salmeplanen er utarbeidd av Arve og Siri Brunvoll. Han har tidlegare stått prenta i "Norsk Kirkemusikk"

Salmen og kyrkjeåret

Salmevalet hjå oss har kanskje i for stor mon vore avgjort av den einskilde dagen, og ikkje av kyrkjeårstida. Det ville etter vår meining vere eit gode om vi gjennom salmevalet kunne få oppheva isolasjonen av dagen. Ein måte å gjere det på er å la sume av salmene gå att gjennom ei heil kyrkjeårstid, for å markere tida og gje dei ymse tidene sitt eige preg. Ei oppattaking av salmene vil vi altså ikkje grunngje primært pedagogisk, men liturgisk. Men då må vi også hjelpe kyrkjelyden til å oppdage denne variasjonen i gudstenesta. Enno er det vel slik at kyrkjelyden ofte oppfatter det som om salmer for dagen er strøydde vilkårleg ut over gudstenesta.

Vi held på at høgmessesalmen etter 1. lesinga skal vere ein eigen salme for dagen, ut i frå dagens preg. Det er naturleg at salmen etter preika får preg av preiketeksta. Opningssalmen kan gjerne gå att frå dag til dag. Og dersom det ikkje er same salmen som går att, bør salmene iallfall vere valde primært etter kyrkjeårstida, og ikkje etter den einskilde dagen. Salmen før nattverden (evt. også salmen under utdelinga) kan godt vere kyrkjeårsbunden. Det same kan avslutningssalmen. I samsvar med gamal tradisjon meiner vi at salmen før preika bør vere ein Heilag Ande-salme, som har ein sjølvstendig funksjon i liturgien, og som gjerne kan gå att i kyrkjeårstida.

Dersom vi knyter særskilde salmar til dagen eller kyrkjeårstida, er det viktig at vi ikkje brukar dei same salmene vilkårleg elles i året. Dei må reserverast, slik at kyrkjelyden kan sjå med forventning fram til å få syngje dei på sin plass. Det ville vel vere uråd å få til ein slik "salmekonstans" for heile kyrkja, men i vår eigen kyrkjelyd skulle det vere råd å gjennomføre det.

Det som her er sagt, forklårar det framlegget vi set fram nedanfor.

SALMAR I ADVENT

Kyrkja har ein rik tradisjon av adventssalmar. Det er rett om vi i salmevalet vårt for adventstida gjev uttrykk for fylden i denne tradisjonen. Ikkje berre for å halde kjennskapen til tradisjonen levande, men også for di adventstida har fleire fasetter, bot, forventing, glede, og fordi det er ulike strenger i kyrkjelyden. Vi har difor brukt så mange av adventssalmane som råd er.

1. s. i advent:

Denne dagen er vigd til Jesu inntog som frelseskongen. Til inngangsssong kan vi nytte den bibelske songen nr. 913, som gjerne kan gå att i heile adventstida, evt. veksle med nr. 914.

Dersom vi vil nytte ein vanleg salme, er det ikkje råd å kome utenom "Gjer døri høg". Denne salmen må iallfall få vere med på denne sundagen. I gleda over dei mange nye salmene vi har fått i salmeboka vår, må vi ikkje forsøme å halde oppe bruken av og gleda over dei gamle kjernesalmane. "Gjer døri høg" er ein slik salme. Den bibelske bakgrunnen for denne salmen er Salme 24,7-10 og Matt 21,1-9. Georg Weissel skreiv "Macht hoch die Tür" under Trettiårskrigen. Det set vona om fredskongen, som roper ut eit nådens år og gjer ende på vår naud, i eit særskilt Iys. Vi kan få ei ny oppleving av mange salmer om vi tenkjer på at deira trusutsegner ikkje var billege. "Ei vakrere inngangsdør til adventstida kan ikkje tenkjast", seier Theodor Goldschmid i "Das Lied unserer Kirche", Zürich 1941.

N. J. Holm gav ut salmen på norsk, og Landstad omarbeidde denne omsetjinga. Omsetjinga har ikkje same verselengd og metrum som originalen, men deler stort sett versa i to. Kanskje vart dette gjort for å få salmen på ein kjend melodi. Det er tvillaust eit tap for salmen. Han vert oppstykka og monoton jamført med originalen. Saman med den vidunderlege melodien frå Freylinghausen 1704 er originalen eit heilstøypt kunstverk. Hjå oss er salmen sett til Bourgeois' melodi til Salme 134 i Geneve- psalteret 1551. I Anglo-Genevan Psalter 1561 vart melodien nytta til Salme 100, siden er han i den anglo-saksiske verda knytt til denne og kalla "The Old Hundreth". Det er i seg sjølv ein storfelt melodi. Også i vår utgåve er "Gjer døri høg" umissande.

Dersom vi ikkje skulle ha nattverd denne sundagen, måtte vi til høgmessesalme velje mellom "Sjå Jerusalem", som vi har ført opp, og "Gled deg, du Kristi brud", som er sett opp som nattverdssalme. Både av tekstlege og musikalske grunner Iyt den siste vere med einkvan staden.

Som innleiingssalme til nattverden i adventstida høver attdiktinga av den gamle teksta i Kerubim-hymnen frå Jakobsliturgien godt. (NoS 634) I "People's Hymnary" frå 1867 var Moultries attdikting sett som salme før konsekrasjonen.

Salmar

006 Gjer døri høg
eller
913 Rop av glede
017 Sjå Jerusalem
581 Vår Gud, av nåde rik og stor
----------------------------------
020 Konge er du visst
634 Lat kvar jordisk skapning teia
004 Gled deg, du Kristi brud
011 På Jesu død og dyre sår
eller
003 Å kom, å kom, Immanuel

2. s. i advent:

Denne sundagen er temaet Jesu atterkome, ikkje f.o.f. til dom, men til frelse. Det set sitt sterke preg på dagen. I høgmessesalmen let vi Landstads vemodig-glade forventning i "Jeg løfter opp til Gud min sang" kome til orde. Det er ein norsk tone som vi må ta vare på. Paul Gerhardts "Hvorledes skal jeg møte" vart grundig omtale av Ragnar Grøm i salmeplanen for i fjor. Vi viser til denne og streker under at salmen ikkje må saknast i adventshøgtidinga vår. Har de ikkje nattverd på denne sundagen, må han inn ein annen stad.

>Salmar:

024 Lukk opp kirkens dører
eller
913 Rop av glede
014 Jeg løfter opp til Gud min sang
582/583 Å Herre Krist, deg til oss vend
----------------------------------
015 Våkn opp, du som sover
634 Lat kvar jordisk skapning teie
007 Hvorledes skal jeg møte
027 Det lid med natta
eller
003 Å kom, å kom, Immanuel

3. s. i advent:

Denne dagen er knytt til den profetiske førebuinga av Herrens kome. Som inngangssalme på denne dagen har vi ført opp "Kom, konge, kom i morgenglans", Johannes Smemos omsetjing av "The King Shall Come When Morning Dawns", John Brownlies attdikting av ein anonym gresk hymne, bygd på Luk. 21,28. Brownlies tekst har ein noko annen karakter enn vår omsetjing, den gjev svært verknadsfullt uttrykk for ei mediterende forventning, noko som er gått tapt i vår utgåve. Hjå Brownlie, som er den einaste 'originalen' vi kjenner, står ropet "Come quickly, King of Kings" berre til slutt. Crüger-melodien som står til salmen i NoS, er ein framifrå melodi i seg sjølv, men eit svært dårleg val til denne salmen. Den deklamerer på tvers av teksta og slår salmens preg i hel, også i Smemos utgåve. Alle kan overtyde seg om det berre ved å syngje dei tre første orda. I Framlegget til NoS sto også ein melodi av Farrant, som var introdusert i "Salmer 73". Den var mykje meir høveleg. Ei anna sak er at det hadde vore ønskjeleg å ha ei meir direkte omsetjing av Brownlies tekst med den vakre melodien som finst til denne.

Som det no er, får vi prøve å la salmen overleve likevel, og det er mange som tykkjest meine at melodien er god nok.

Det er vanskeleg å få plass til alle salmene som vi gjerne vil ha med i adventssongen. Framlegget til høgmessesalme gjev uttrykk for eit slikt dilemma. Grundtvigs "Blomstre som en rosengård", etter Jes. 35 både høver godt på denne dagen, med sin bakgrunn i profetvitnemålet, og er ein vakker salme, mest uten like. Ein gong i advent må han syngjast. Samstundes vil vi gjerne slå eit slag for "Ditt skaparljos i stjernor bur", som R. Grøm skriv fint om i sin plan. Når vi har fått eit slikt klenodium frå vår gamle tradisjon med i salmeboka, må han få kome til live i songen vår òg.

Salmar:

019 Kom, konge, kom i morgenglans
eller
913 Rop av glede
eller
914 Hosianna, Davids son!
013 Blomstre som en rosengard
eller
002 Ditt skaparljos i stjernor bur
212 O Hellig Ånd, du skatt så skjønn
----------------------------------
018 Underlege ting å sjå!
634 Lat kvar jordisk skapning teia
007 Hvorledes skal jeg møte
003 Å kom, å kom, Immanuel

4. s. i advent:

Denne sundagen let førelauparen peike bort frå seg sjølv, på han som skal kome. Det er rimeleg at salmene også fører oss nær inn til jula.

Salmen "Folkefrelsar til oss kom" er også ein klassisk adventssalme, som vi ikkje kan unnvære: Der er rimelegvis ein ekte Ambrosiussalme. Gjennom Luthers omsetjing fekk han ein sentral plass i vår evangeliske salmesong, og Støylen har med sikkert skjøn gjeve oss den verdigaste norske omsetjinga.

Som høgmessesalme vil vi framheve den kanskje mest gripande salmen frå vårt hundreår, Jochen Kleppers "Det langt på natt mun vera". R. Grøm gjev bakgrunnen for denne salmen. Vi brukar ikkje salmen for di han har ein slik spesiell bakgrunn i Kleppers livslagnad, men kjennskap til bakgrunnen kan kanskje få oss til å oppdage salmen som adventssalme for vår tid. Saman med melodien av Petzold er den noko heilt for seg. Men så må vi også få slutte oss til Grøms sukk over det som i den ende lege redaksjonen av salmeboka er gjort med siste verset i den framifrå omsetjinga til Bjarne Norheim. Det er eit av dei såraste punkta i vårt tilhøve til salmeboka at ein i denne salmen både har gjort vald på innhaldet hjå Klepper og gjeve oss eit språkleg misfoster.

Salmar:

001 Folkefrelsar, til oss kom
eller
913 Rop av glede
eller
914 Hosianna, Davids son!
022 Det langt på natt mun vera
213 Kom, sannhets And, og vitne giv
----------------------------------
021 Herre, du Herre, skal vokse
634 Lat kvar jordisk skapning teie
016 Når synderen rett ser sin våde
08 Opp, gled dykk alle
eller
003 Å kom. å kom, Immanuel

Familiegudsteneste i advent

Mange skal sikkert halde ei familiegudsteneste i adventstida, og vi vil gjerne gje framlegg til salmeval for ei slik gudsteneste. Det kan brukast alle dagene, skulle vi tru.

Dersom det i det heile let seg gjere, må det vere prosesjon inn og ut, med kor/forsongarar og alt som finst av liturgiske agenter. Opningssalmen vår skulle høve godt. Her kan det gjerne brukast instrument til (sjå Kjell Mørk Karlsen: 4 adventsalmer, Norsk Musikforlag).

Frå prosesjonen går ein gjerne til tenning av adventskransen, og syng dei versa som skal syngjast etter kva sundag det er.

Salmar:

012 Rydd vei for Herrens komme (prosesjonssong)
026 Nå tenner vi det første Iys (dei versa som høver)
eller
028 Nå tenner vi vår adventskrans (heile)
006 Gjer døri høg, v. 1-5
----------------------------------
006 " v.6-8
019 Kom, konge, kom i morgen glans
868 Hosianna, Davids son (prosesjonssong)

SALMAR I JULA

Vi må ikkje stø den medvitslause bruken av julesongane, ikkje berre strø dei ut over gudstenestene og samlingane i jula. Det burde vere ein differensiert bruk av songane. Julaftan er vorten dagen då alle går til kyrkja. Bruk dei kjende julesongane! Syt for all del for at dei klassiske folkelege julesongane vert haldne i hevd, det skal ikkje meir enn 7 år til for å få utrydda dei. Samstundes ville det vere uråd å nekte det nye plass. Men lat det ikkje verte for mykje av det ny-enkle!

1.juledag er dei fleste stader ikkje lenger dagen for massekyrkjegong. Her kan vi bruke salmar som krev litt meir av vilje til konsentrasjon og ettertanke og kanskje også av vilje til musikalsk innsats.

Julaftan:

Tekster:
Mi 5.1-4a
Luk 2.1-14

Lat oss tenkje oss at vi i denne gudstenesta òg har ein hovudsalme, klassisk og med substans. Difor tek vi med heile "Eit barn er født i Betlehem".

Jakob Sandes "Det lyser i stille grender" er det ikkje råd å kome forbi på ein julaftan i dag.

Salmar:

054 Glade jol
030 Eit barn er født i Betlehem
043 Her kjem me, Jesus
--------------------------------
070 Det lyser i stille grender
eller
064 En krybbe var vuggen
048 Å, kom nå med lovsang
eller
060 Eg er så glad kvar jolekveld

Julenatt/ottesong:

Tekster:
Jer 23.5-6
1 Joh 1.1-3*
(Luk 2.1-20*)

Julenattsgudstenesta er ei gudstenesta med nattverd, sjølvsagt. Det skal vere ei festgudsteneste, men kanskje er dette også tida for dei meir meditative julesalmane, t.d. Landstads uendeleg vemodsvakre "De hyrder stirret i natten ut, som no endeleg har fått sin melodi av Kjell Mørk Karlsen.

Skal det vere ottesong, får ein tilpasse salmevalet.

Salmar:

038 Det hev ei rose sprunge
058 De hyrder stirrer i natten ut
053 Barn Jesus i en krybbe lå
--------------------------------
041Den yndigste rose er funnet
052 Det kimer nå til julefest
eller
067 Sæle jolekveld
045 Mitt hjerte alltid vanker
050 Høyr kor englar syng frå sky
eller
068 Nå vandrer fra hver en verdens krok

1.juledag:

Tekster:
Jes 9.2-3 og 6-7
Hebr 1.1-5a
Joh 1.1-14*

Som høgmessesalme bør vi alltid prioritere dei klassiske og innhaldsrike kjernesalmane som er nært knytte til dagen. Såleis må det vere helt spesielle grunnar til ikkje å setje opp Luthers "Du vere lova, Jesus Krist" på juledag. Alternativet må vere Luthers "Frå høge himmel kjem eg ned".

Salmar:

063 No koma Guds englar
eller
059 Fra fjord og fjære
035 Du vere lova, Jesus Krist
eller
037 "Frå høge himmel kjem eg ned"
032 Eg synger jolekvad
eller
053 Barn Jesus i en krybbe lå
---------------------------------
048 I dag er fødd ein frelsar stor
--------------------------------
044 I denne glade juletid
eller
033 Klinge skal et jubelkor
049 Å, kom nå med lovsang
045 Mitt hjerte alltid vanker
039 Hjerte, løft din gledes vinger

2.juledag:

Tekster:
Jer 1.17-19
Apg 6.8-15
Matt 10.17-22*

Lat oss på denne Stefanusdagen gjere ære på ein av skattane frå vår gamle norske, latinske tradisjon, ein salme som Kr.J. Ørjavik har omsett så fint til norsk, "Lov Kristi velgjerd, evig stor". Det er gjort eit djervt melodival til denne salmen, ein moderne melodi av Percy Buck, også nytta til ein annan latinsk hymne, NoS 799.

Salmar:

073 Lov Kristi velgjerd
074 Stå fast, min sjel, stå fast
581 Vår Gud, av nåde rik og stor
--------------------------------
076 Fader, som frå allmakts sete
075 Korset vil jeg aldri svike
078 Din, o Jesus, din å være
080 Du Ord frå alle æver

Sundag etter jul:

Tekster:
Jes 63.7-9
Gal 4.4-7
Luk 2.25-38

Sundag etter jul let oss sjå Jesu fødsel som oppfyllinga av det dei venta på i den gamle pakta, det som samstundes er alle menneskes von.

Ei perle har vi gøymt til høgmessesalme på denne dagen, Paul Gerhardts "Fröhlich soll mein Herze springen"

Salmar:

065 Kling no, klokka!
eller
917 Reis deg i ljos /
039 Hjerte, løft din gledes vinger
581 Vår Gud, av nåde rik og stor
--------------------------------
071 Vi ser deg, Herre Jesus
049 Å, kom nå med lovsang
045 Mitt hjerte alltid vanker
066 Gud sin egen Sønn oss gav

Nyårsnatt:

Tekster:
Sal 103.1-4 og 8-12
1 Joh 1.5-7
Luk 13.6-9*

Nyårsnattsgudstenesta er stunda for ettertanke over livets gang og for oppgjerd. Det set sitt merke på dei tradisjonelle salmane som gjer året til tema.

Vi skulle ynskje at Grundtvigs vakre attgjeving av salme 90 ville få ein verkeleg sjanse. Den nye (anonyme) omsetjinga til nynorsk må seiast å vere vellukka. Og framfor alt vil den "nye" folkevisemelodien frå Kingos Graduale kunne gje salmen eit heilt anna liv enn han hadde i den tidlegare versjonen i vår salmebok.

Vi vil også slå eit slag for at Dietrich Bonhoeffers "Von guten Mächten wunderbar geborgen" (NoS 762) vert teken inn i vår kyrkjesong. Trusintensiteten i dette Bonhoeffers vitnesbyrd rett før sin død har bærekraft for oss alle. Så får vi vone at brukarane ikkje støyter seg for mykje på vurderinga åt omsetjaren, når han fann at fyrste lina hjå Bonhoeffer ikkje let seg gje att direkte på norsk utan store poetiske tap og difor laga ei ny opningsline, vonleg i Bonhoeffers ånd.

Salmar:

759 For deg, vår Herre, er tusen år
762 Ei kjærleg hand vil nå oss
760 Til regnskap gjør deg nå beredt
--------------------------------
761 Eit år me ser no atter renna
757 Å, Gud vårt vern i farne år

Nyårsdag:

Tekster:
Jes 43.1-3a
Apg 4.8-12
Luk 2.21

Dette er dagen til minne om Jesu omskjering, seinare f.o.f. knytt til namnet hans. Vi kan godt opne med ein nyårssalme, men så bør Jesus-namnet stå i fokus. Udiskutabel høgmessesalme er Brorsons "Saligheten er oss nær".

Salmar:

757 Å, Gud, vårt vern i farne år
084 Saligheten er oss nær
580/581 Vår Gud, av nåde rik og stor
--------------------------------
081 I Jesu navn skal all vår gjerning skje
082/83 Ditt namn, min Jesus, verdig er
650 Jesus, livets sol og glede
086 Navnet Jesus

Kristi openberringsdag:

Tekster:
Jes 60.1-6
Ef 3.1-6
Matt 2.1-12

Det er openberringa av Jesu herlegdom i verda som er temaet for denne sundagen, som bør få vere ein stor festdag. Evangeliet om dei tre vismennene understrekar det universelle i openberringa, difor er misjonsaspektet viktig på denne dagen.

Det vert berre to sundagar i openberringstida dette året. Vi tykkjer at det høver godt å markere tida med den same opningssalmen, Petter Dass' "Hør nå godt nytt". Dette er ein av salmane i det vesle utvalet av salmar som Salmebokkomiteen ynskte å ha med i gamal språkdrakt, både for å styrkje forståinga av den historiske samanhengen i salmesongen, og for di den gamle versjonen hadde særskilde kvalitetar. Utan å gjere krav på å vere upartiske, vil vi meine at teksten har mist noko av glansen med omsetjinga, og opningsorda "Hør nå godt nytt" er lite heldig samanstilling fonetisk. Men salmen er likevel ei perle, ikkje minst på grunn av Harald Gullichsens melodi, som var akkurat den rette til å gjere teksta levande att.

Som høgmessesalme må Philipp Nicolais "Wie schön leuchtet der Morgenstern" få stå urørd frå år til år.

Så har vi i framlegget vårt spart Grundtvigs "Fager er den himmel blå" til denne dagen og sett han opp som utdelingssalme til nattverden. Kanskje kan vi verte meir merksame på denne salmen, dersom vi let han kome i sin rette kontekst, og ikkje berre i ei endelaus rekkje av julesongar.

Salmar:

092 Hør nå godt nytt
089 Ei morgonstjerne klår og fin
590 Hellig Ånd, o himmellue
--------------------------------
091 Vær trøstig, Sion
096 Lat oss lova Gud for gåva
535 Vidunderligst av alt på jord
eller
094 Fager er den himmel blå
098 Kristus er verdens lys

1. s. e. Kr. openb.:

Tekster:
Jes 42.1-4
Kol 1.15-20
Matt 3.13-17

Tema for dagen er Jesu dåp til si messiasgjerning i fornedring, liding og død. Luthers mektige "Nå fryd deg, kristne menighet" kan ikkje nokon stad høve betre enn på denne dagen. Djervt let Luther oss høyre Gud Faders tiltale til Sonen i himmelen, som er grunnlaget for hans dåp til døden for oss. Og heile salmen må syngjast. Vi får gjere bruk av dei variasjonsmåtane som ressursane våre tillet.

Salmar:

092 Hør nå godt nytt
322 Nå fryd deg, kristne menighet
590 Hellig Ånd, o himmellue
--------------------------------
149/149 Du Guds Lam uskyldig
096 Lat oss lova Gud for gåva
535 Vidunderligst av alt på jord
eller
635 Ditt dyre minne, Jesus kjær
598 Lov og takk og evig ære

Familiegudsteneste i openberringstida

I tillegg til "Fager er den himmel blå", som høyrer til her, vil vi nemne Anders Frostensons "Kven er han som bur i stjernehall". Det er ein salme med sentralt innhald, både for vaksne og born. Det trengst i våre familiegudstenester.

Salmar:

093/94 Fager er den himmel blå
349 Lyset skinner over jord
--------------------------------
347 Kven er han som bur i stjernehall
098 Kristus er verdens lys

Vingardsssundagen:

Tekster:
Jer 9.23-24
1 Kor 9.24-27
Matt 20.1-16

På Vingardssundagen kan det høve å la Bernt Støylens viktigaste originalsalme få vere høgmessesalmen. Kallet til vingarden er eit kall til å vere tenar for Guds kjærleik så lenge det er dag.

Salmar:

270 Store Gud
eller
694 Kom, du Guds kjærleik, kom
706 Til kjærleik Gud oss skapte
710 Vi rekker våre hender frem
--------------------------------
695 Herre, jeg hjertelig
651 Du ber oss til ditt alterbord
535 Vidunderligst av alt på jord
eller
635 Ditt dyre minne
697 Ditt verk er stort

Såmannssundagen:

Tekster:
Jes 55.10-11
1 Kor 1.20-25
Luk 8.4-15

Denne sundagens gamle evangelium handlar om dei fire slags åkergrunn som Guds ord fell på. Så bør både ordet og åkeren vere i fokus på denne dagen, ikkje berre Bibelen. Men at vi har fått ein "Bibelsundag", er eit gode.

Torer vi enno, som Elias Blix, syngje om at Guds ord er folkets sak? Som salme før nattverden er det meiningsfullt å bruke "Som korn fra vide åkrer", nattverdlyden er nettopp hausten av Ordets sånad.

Salmar:

544 Gud, sjå frå himmelen til oss
eller
591 Ånd fra himlen
560 Det folk som frægt vil vera
567 Som spede barnet drikk si mjølk
--------------------------------
524 Gi dem mitt ord
633 Som korn fra vide åkrer
535 Vidunderligst av alt på jord
684 Guds ord det er vårt arvegods
eller
536 Herre, bevar og velsigne din aker

Kristi forklåringsdag:

Tekster:
2 Mos 34.27-35
Openb 1.9-18
Matt 17.1-9

Dette er siste sundagen i openberringstida, og vi minnest at Herren let sin herlegdom syne seg for læresveinane i glimt også i sitt fornedringsstand. Slik kan deira vitnebyrd hjelpe oss til å ferdast i tru.

Høgmessesalmen er tvillaust Grundtvigs "Han stod med strålekransen". Elles vil vi gjerne at to samtidige norske salmediktarar skal få kome til orde på denne dagen. Svein Ellingsen syng på umiskjenneleg vis om trua sitt kår i denne verda, "I dager og år skal vi vente", og Eyvind Skeie syng med kraft om den vissa at vi skal få skode Herrens herlegdom eingong, den som er måla så sterkt for oss i epistelen, som er preiketekst denne gongen.

Salmar:

288 Himmelen med all sin her
eller
922 Ditt rike står gjennom alle tider
100 Han stod med strålekransen
584 Jesus, Frelser, vi er her
--------------------------------
103 I dager og år skal vi vente
101 Å Jesus, lat meg ljoset sjå
099 Herligste Jesus
104 Vi skal se deg, Herre Jesus

SALMAR I FASTETIDA

Fastetida er ikkje pasjonstid. Difor må vi skilje klårt mellom sundagane med deira fastetidsprofil og eventuelle vekegudstenester med pasjonspreiker i fastetida. I den gamle kyrkja var fastetida som førebuingstid til påska også førebuingstid for den store dåpen i påska. Vi møter i denne kyrkjeårstida kampen mot den vonde og det vonde, mot synda og freistinga, som hovudtema, og tekstene handlar om dåpens forsaking og tru, om kamp, tru og heilaggjering.

Den påskeførebuinga som fastetidsgudstenestene kallar oss til, er altså ikkje ei innleving i Jesu lidingar, eventuelt som ei etterlikning av hans lidingar i våre kjensler, men ei etterfylging av Kristus. Denne etterfylginga skjer i dåpens liv, der vi har samfunn med han i hans død og oppstode og ber den krossen det fører med seg å vere i hans fylgje. Fastetida endar ikkje i Langfredagens meditasjon ved Kristi kross, men i jubelen over dåpens oppstodeliv ved påskenattsgudstenesta.

Såleis skal fastetida hjelpe oss til å leve vårt liv i forsaking og tru, på grunnlag av Jesu kamp og siger.

Sundag før faste:

Tekster:
Jes 52.13-15
1 Kor 13
Luk 18.31-43

Sundag før faste står mellom openberringstida og fastetida. Vi skal bu oss til fastetida ved å feste auga på han som går til fullføringa av si gjerning som Herrens lidande tenar.

Det er eit spørsmål kva for sundag som skal få tildelt den store salmen av Paul Gerhardt, "Her ser jeg et tålmodig lam". Vi har valt å setje han på denne sundagen, ikkje minst av di han talar så sterkt om Kristi lidingsveg som kjærleikens veg, den kjærleiken som også epistelteksta 1 Kor 13 må tolkast i lys av. "Ein lämmlein geht und trägt die schuld" er ein av Gerhardts eldste og vakraste salmar, dikta over Joh 1,19 og Jes 53, 4-7, og meisterleg omsett av Brorson. Legg merke til korleis Gerhardt likeins som Luther dreg lina frå Jesu liv attende til den indretrinitariske dialog i himmelen, jfr. "Nå fryd deg, kristne menighet" (NoS 322). Gerhardts salme er opphavleg på 10 vers. NoS har med dei 3 fyrste og det 6., medan LR hadde dei 6 fyrste. V.5-10 hjå Gerhardt talar om vårt svar på Jesu liding. Vi må vedgå at det er sårt at dette no er redusert til det eine verset, men det ville vel i vår tid vere uråd å få kyrkjelyden til å syngje 10 vers, så det er betre å ha eit gjennomtenkt utval.

Salmar:

128 Se, vi går opp til Jerusalem
121 Her ser jeg et tålmodig lam
590 Hellig Ånd, o himmellue
--------------------------------
391 Til deg åleine, Herre Krist
146 Såkorn som dør i jorden
141 O Jesus, som har elsket meg
112 Timen er komen

Oskeonsdag:

Tekster:
Jes 58,5-9a
1 Joh 3,4-8
Matt 6,16-18

Fastetida tek til med oskeonsdag. Dagen gjev oss difor som ei overskrift over heile fastetida. Det er spørsmålet om den rette faste som vert stilt. Rett faste er den anger og tru som viser seg i eit nytt liv.

Salmar:

108 Ingen vinner frem til den evige ro
390 Eg ropar, Herre Krist, til deg
211 No bed vi Heilag-Anden god
--------------------------------
110 Reis deg, Herre, i ditt velde
644 Jesus, når jeg nu skal knele
105 Når meg min synd vil krenke
eller
641 Jesus, din søte forening å smake
106 Jeg går i fare hvor jeg går

1.sundag i faste:

Tekster:
1 Mos 2,8-9.3,1-19
Hebr 4,14-16
Matt 4,1-11

Det forsakinga av den vonde og avvisinga av hans freistingar som er tema på 1. sundag i faste. Kristus sigra over freistinga til å velje makta framfor lidinga. Av di han har sigra, kan også hans etterfylgjarar sigre.

Vi held fast på at Luthers "Vår Gud han er så fast ei borg" må vere høgmessesalme på denne dagen, sjå utførleg omtale i Norsk Kirkemusikk 2/90.

Salmar:

528 Mektigste Kriste, menighetens Herre
296 Vår Gud han er så fast ei borg
211 No bed vi Heilag-Anden god
--------------------------------
113 Du er Guds Sønn, den sterke
eller
439 Jesus, gi seier, livsfyrste og kilde!
651 Du ber oss til ditt alterbord
641 Jesus, din søte forening å smake
451 Hjelp meg, Herre Krist, å strida

2.sundag i faste:

Tekster:
2 Kor 6,1-10
Matt 15,21-28
1 Mos 32,24-30

Har 1. sundagen i faste særskilt tala om forsakinga av den vonde og av freistinga, talar denne sundagen om å halde ut og vere fast i trua.

Salmar:

415 Du Far og Herre, du som rår
107 Den tro som Jesus favner
211 No bed vi Heilag-Anden god
--------------------------------
105 Når meg min synd vil krenke
eller
452 Be for oss, Herre
621 Å Gud, du ser
636 Jeg kneler på din alterfot
eller
641 Jesus, din søte forening å smake
446 I Jesu namn me stemna fram

3.sundag i faste:

Tekster:
Sak 12,10
Ef 5,1-2.8-11
Luk 11,14-28

Medan det på 1. sundag i faste var Jesu kamp mot den vonde, freistaren, som stod i fokus, er det på denne sundagen kampen mot og sigeren over dei vonde åndene som møter oss i tekstene, saman med formaninga til det nye livet. Fastetidstekstene om demonutdrivingane stod i den gamle kyrkja i samband med dåpsexorcismen, jfr. det som er sagt ovanfor om fastetida som dåpsførebuingstid. Jamvel om vi ikkje lenger har nokon exorcisme i vår dåpsliturgi, er det god grunn til å streke under dåpen som forsaking av den vonde og som det nye livets element. Vi brukar difor nokre av dei gode dåpssalmane som høver så framifrå i fastetida, og som vert altfor lite brukte elles. Ikkje minst er vi glade for å ha fått salmen "Alltid vil jeg glad bekjenne", som går attende til Erdman Neumeister, tekstdiktar til mange av Bachs kantater, med i salmeboka.

Salmar:

109 Jesus, lyft ditt ljose merke
351 Alltid vil jeg glad bekjenne
211 No bed vi Heilag-Anden god
--------------------------------
110 Reis deg, Herre, i ditt velde
645 Herre Jesus, kom til stede
350 Du nådens sol og sete
eller
641 Jesus, din søte forening å smake
330 Guds Sønn har gjort meg fri

4.sundag i faste:

Tekster:
5 Mos 8,1-3
1 Joh 5,11-15
Joh 6,1-15

På midfastesundag møter vi forteljinga om Jesu brødunder i Johannesevangeliets versjon, der Jesus sjølv let underet peike på seg som livsens brød.

Diverre er det ikkje mange salmar i salmeboka som talar om Jesus som livsens brød. Her lyt det vedgåast at Norsk Salmebok er fattigare enn sine forgjengarar. "Herre, hvor skal vi gå hen", ein ikkje heilt vanleg Grundtvig-salme, som nettopp byggjer på Joh 6, må vere den rette hovudsalmen på denne fastesundagen.

Salmar:

319 Min hyrding er vår Herre Gud
144 Herre, hvor skal vi gå hen
211 No bed vi Heilag-Anden god
-------------------------------------------
339 Jesus Krist, du nådens kjelda
624 Dyp av nåde - er hos deg
653 Deg, herlegdoms konge, prisar vi
eller
641 Jesus, din søte forening å smake
368 O, du min Immanuel

Marimesse:

Tekster:
Jes 7,10-14
Rom 8,1-4
Luk 1,26-38

Når fyrst Marimesse har fått trengje unnan fastesundagen i vår tradisjon, får vi la denne dagen stå fram i si reine drakt. Det er ei rad nye salmar som kan gjere songen rikare på denne dagen. Men vi må også syrgje for å halde dei gamle i hevd.

Sedulius' "A solis ortus cardine", "Der sola renn i himmelrand", er fyrste delen av eit bokstavdikt på 23 vers, opphavleg knytt til ein evangelieharmoni av Sedulius. Diktet vart sidan delt opp i bolkar til liturgisk bruk ved ymse festar i kyrkjeåret. Salmen var med oss frå dei fyrste salmebøkene etter reformasjonen. Malmøsalmeboka 1533, Kingo, Pontoppidan, Hauge o.a. hadde salmen jamvel i 2 versjonar, den eine etter Luthers omsetjing "Christum wir sollen loben schon". Landstad hadde ei ny omsetjing etter Luther, "Saa langt som Lysets Straaler naar". No tek vi opp att tradisjonen som vart broten med dei førre salmebøkene. Med sin gregorianske melodi bør salmen få ein sjanse til å gå inn i den levande tradisjonen hjå oss.

Kanskje lyt vi dette året velje mellom ein innsats for Sedulius og ein innsats for Thomissøns "Maria hun er en jomfru ren", noko av det mest særmerkte frå vår tradisjon, men diverre heller lite brukt. Trond Kvernos melodi kan vonleg hjelpe til at songen får ein sikrare plass.

Vi gjer også merksam på at J.O.Wallins "Syng høyt om Herrens miskunnhet" no har fått sin "rette" melodi, den storfelte melodien til Salme 68 i Genevepsalteret.

Salmar:

116 Syng høyt om Herrens miskunnhet
114 Der sola renn i himmelrand
eller
115 Maria hun er en jomfru ren
210/211 No bed vi Heilag-Anden god
--------------------------------
118 Alle kilder bryter frem i glede
656 Vår lovsang skal møte deg Kristus
119 Vi synger med Maria
362 Ja, du er konge, Jesus Krist

SALMAR TIL DEN STILLE VEKA OG PÅSKA

Palmesundag:

Tekster:
Sak 9,9-10
Fil 2,5-11
Joh 12,1-13

Alt har på palmesundag dette tvetydige med seg. Jesus vert hylla som kongen, men hans herlegdom skal snart dyljast under den djupaste fornedring. Kingos "Se hvor nu Jesus treder" er umissande, her kjem både det forkynnande og det sakrifisielle aspektet på salmesongen så klårt fram.

Salmar:

136 Opp, Guds folk, lat songen ljoda/
914 Hosianna, Davids son!
134 Se hvor nu Jesus treder
590 Hellig Ånd, o himmellue
--------------------------------
135 Jesus, store seiervinner
146 Såkorn som dør i jorden
124/125 Allheims berg, som brast for meg
137 Hosianna! Syng for Jesus

Skjærtorsdag:

Tekster:
2 Mos 12,3-1.11
1 Kor 10,16-17
Matt 26,17-29

Ikkje minst på Skjærtorsdag byd salmeboka på ei rikdom av salmar frå dei ymse tidene. Thomas' Lauda Sion salvatorem, NoS 139, må få vere høgmessesalmen, ikkje minst av di han er godt innsungen. Så har vi fått Johan Hus' Jesus Christus nostra salus, NoS 140, i Støylens omsetjing. Det er ei ein av skattane som vi må gle oss over og freiste å få i bruk. Kingos "Hør en lovsang, høye himler", var i LR redusert til 2 vers, "Jesus, stem mitt svake hjerte". Dei vart hengande i lufta. No har vi sjansen til å få sjå kva Kingo diktar om, nemleg om samanhengen mellom Jesu eigen Skjærtorsdagslovsong og vår lovsong. Då må vi koste på oss å syngje salmen som han no står, og vi vågar å foreslå alle 7 versa til opning.

Eit av versa i den nemnde salmen av Kingo nemner eit motiv som i eit foredrag i Internationale Arbeitsgemeinschaft für Hymnologie i Erfurt 1977 vart kalla "det tapte motiv i kyrkja sin song", nemleg Exodus-motivet. I foredraget vart den gamle salmen Ad coenam agni providi dregen fram som hovuddøme på bruken av utferda frå Egypt som bilete på frelsa i den tidlege salmesongen. Ein direkte fylgje av dette foredraget er det at vi har fått salmen med i NoS. Han har aldri før vore med i vår norske salmetradisjon, så vidt vi kan sjå. Valet av Carl Nielsens melodi til den gamle hymneteksta var kanskje uventa, men tykkjest vere eit lukkeleg val. Ein ny tekst kan få fram nye sider ved ein melodi.

Salmar:

123 Over Kedron Jesus treder
eller
129 Kvi skjelv kvart lauvblad
139 Sion, pris din saliggjører
590 Hellig Ånd, o himmellue
--------------------------------
140 Jesus Kristus er vår frelse
143 Jesu disipler, la oss sammen minnes
138 Til Lammets måltid får vi gå
142 Hør en lovsang, høye himler

Langfredag:

Tekster:
Luk 22,39-23,46

På Langfredag bør vi ikkje la det gå inflasjon i orda. Vi treng ikkje plent bruke fleire av dei lengre salmane for dagen. Som hovudsalme under lesinga av lidingssoga kan vi nytte t.d. 158 "Naglet til et kors på jorden", eller 151 "Under krossen stod med tåra" (som høver godt dersom vi kan ha vekselsong med kor). Andre kjernesalmar som kunne stå på denne plassen, er 150 "O hode, høyt forhånet" og 161 "Hill deg, Frelser og forsoner". I det heile må vi vere klår over at det vil vere mange salmar det er sårt ikkje å få plass til på denne dagen.

Pasjonsssalmane av Isaac Watts og Jakob Sande er nye i salmeboka. Sandes sermerkte og gripande salme må få sin plass. Johan Varene Uglands melodi til Petter Dass' "Velsignet vær, o Jesus Krist" har gjort denne salmen ny. Han er ei fin avslutning på Langfredagsgudstenesta, som ikkje skal vere ei syrgjehøgtid utan von.

Dei ekstra salmane etter preika er tenkte til bruk der det av særskilde omstende skal haldast nattverd på Langfredag.

Salmar:

130 Du som låg i natti seine
158 Naglet til et kors på jorden
eller
151 Under krossen stod med tåra
--------------------------------
157 Når krossen underfull eg ser
eller
342 A du store kjærleiks under
149 Du Guds Lam uskyldig
139 Sion, pris din saliggjører
156 Velsignet vær, o Jesus Krist

H3>Påskenatt:

Tekster:
2 Mos 14,1-22
Kol 3,1-4
Mark 16, 1-8

Påskenattsgudstenesta er den store liturgiske opplevinga i kyrkjeåret, med påskeljoset, den store påskelovsongen, dåpspåminninga og nattverden, midt i mørkret, og helst med påskesongar på kyrkjegarden etterpå, der ein enno er så heldig at dei døde får vente i sine graver nær kyrkjehuset.

Salmar:

179/180 Jesus lever, gravi brast
eller
919 Kristus er sanneleg oppstaden
--------------------------------
171 Guds kyrkje, syng
138 Til Lammets måltid
189 Å salige stund uten like
195 Livet vant, dets navn er Jesus

Påskedag:

Tekster:
Sal 118,14-24
1 Kor 15,1-11
Matt 28,1-8

Valet mellom Luthers store påskesalme "Vår Herre Krist i dødens band" og den eldre Surrexit Christus hodie, NoS 170, som vi no lukkelegvis har fått inn att i salmeboka, er eigenleg umogleg. Vi overlet det til brukarane. Til Luthers påskesalme NoS 166/167, sjå NKM 3/1990.

Salmar:

184 Påskemorgen slukker sorgen
eller
920 Kristus er oppstaden
170 Oppstanden er den Herre Krist
eller
166/|67 Vår Herre Krist i dødens band
182/183 Krist stod opp av daude
--------------------------------
179/180 Jesus lever
171 Guds kyrkje, syng
174 Solen på himmelen
188 Ljos over grav

2. Påskedag:

Tekster:
Jona 2,1-11
Luk 24,13-35
Apg 10,34-43

På 2. påskedag er det vitna sitt møte med den oppstadne som står i fokus. Det er rett at salmane på ein særskild måte gjev uttrykk for gleda over møtet med den levande Herre. NoS vågar å gje Brorsons "I som sørger såre" (opphavleg: "Hører, I som græde") ei heilt ny opningsline: "Åpen ligger graven!" Vonleg kan det gjere sitt til at denne salmen får ha den plassen han fortener.

Salmar:

173 Opp sjel, bryt søvnen av
eller
920 Krist er oppstaden
175 Åpen ligger graven!
182/183 Krist stod opp av daude
--------------------------------
185 Stå opp, min sjel i morgengry
172 Guds kyrkje, syng
186 Jesus Kristus er oppstanden
189 Å salige stund uten like

SALMAR ETTER PÅSKE

Sundagane etter påske høyrer påsketida til, men bind samstundes påska saman med pinsa. Evangelisten Johannes vev på ein særskild måte perspektiva saman, og det var djup meining i at den gamle kyrkja henta evangelietekstene for heile tida etter påske frå Johannesevangeliet.

Påsketonen bør få klinge særleg i opningssalmane og nattverdssalmane i denne tida etter påske.

1. s. e. påske:

Tekster:
Jes 43,10-13
1 Kor 15, 53-57
Joh 20,19-31

Evangelieteksta fortel om at disippelflokken vert konstituert som kyrkje og får mandatet til å dele ut syndstilgjevinga i kraft av Jesu død og oppstode.

På ein dag då det ikkje er ein sjølvsagd klassisk hovudsalme, kan vi slå eit slag for å tildele Svein Ellingsens "Døden må vike for Gudsrikets krefter" ein slik plass.

Salmar:

171 Guds kyrkje, syng
196 Døden må vike for Gudsrikets krefter
181 Jesus, som iblant oss står
--------------------------------
190 Syng det ut med gleda
146 Såkorn som dør i jorden
175 Åpen ligger graven
195 Livet vant

2. s. e. påske:

Tekster:
Esek 34,11-16a
1 Pet 2,21b-25
Joh 10,11-16

På "hyrdingsundagen" skal vi ikkje berre minnast at hyrdingen gav sitt liv for sauene, men at han også er den levande hyrdingen.

Salmar:

519 Til siger livsens fyrste dreg
310 Vår Herre er ein hyrding god
181 Jesus, som iblant oss står
--------------------------------
457 Til kven skal eg gå med mi sorg og mi sut?
313 Me fagnar deg, Gud, vår utløysar og skapar
144 Herre, hvor skal vi gå hen
534 En Gud og alles Fader

3. s. e. påske:

Tekster:
Jes 43,16-19
Hebr 13,12-16
Joh 16,16-22

Gleda er hovudmotivet på denne sundagen. Så vart han også kalla "Jubilate", etter introitus frå Sal 66,1. Men for dei truande er gleda likevel gleda under krossen, difor kling det med eit "enno ikkje", vi skodar mot ei fullending som ventar.

Salmar:

569 Velsignet dag, o Frelser blid
419 Jesus, du er den himmelveg
181 Jesus, som iblant oss står
eller
583 Å Herre Krist, deg til oss vend
--------------------------------
663 Du som veien er og livet
eller
418 Med Jesus vil eg fara
652 Vårt sinn er fylt med glede
342 Å du store kjærleiks under
444 Hos Gud er evig glede

4. s. e. påske:

Tekster:
Esek 36,26-28
Jak 1,17-21
Joh 16,5-15

Lovnaden om Anden som målsmannen er temaet på denne sundagen, men andre tekstrekkja dreg fram Guds kjærleik som temaet. Vi kan godt kombinere desse motiva i salmevalet.

Salmar:

572 Dette er dagen som Herren har gjort
214 Sannhets tolk og taler
213 Kom, sannhets Ånd og vitne giv
--------------------------------
694 Kom, du Guds kjærleik, kom
649 Du opnar, vår evige Fader
655 O Gud, i verdens ørkenland
223 Kjærlighet er lysets kilde

5. s. e. påske:

Tekster:
Jer 29,11-14a
Joh 16,23b-28
Ef 3,14-21

På denne sundagen, som frå gamalt ber namnet "Rogate" - be, talar tekstene om bøna.

Salmar:

527 Syng trøstig til Guds ære
380 Jeg er rede til å bede
385 Kom, sannings Ande
____________________________
381 Med bønn jeg støv og muld
651 Du ber oss til ditt alterbord
655 O Gud, i verdens ørkenland
386 Langt bortom rømd som blånar

Helgetorsdag:

Tekster:
Dan 7,13-14
Apg 2,32-36
Luk 24,46-53

Det er mange perler til denne dagen, m.a. Brorsons "I dag skal allting sjunge", som er ein framifrå opningssalme. Vi vil også gjerne stø tanken om at Coelos ascendit hodie, NoS 198, bør få vere høgmessesalme på Helgetorsdag, og føreset at "Jeg ser deg, o Guds Lam å stå" får ein annan sentral plass på dagen.

Så vil vi peike på den einaste salmen vi har att i vår salmebok av dansken Anders Arrebo: "Om salighet og glede". Arrebo var biskop i Noreg og gjorde seg kjend m.a. som attdiktar av heile Psalteret, noko særmerkt i vår lutherske tradisjon.

Som uttrykk for eit visst dilemma let vi Arrebo-salmen konkurrere med Smemos omsetjing av den latinske Tibi laus salus sit Christe, NoS 197, som vi bør setje pris på å ha fått i salmeboka. Ikkje minst den fengslande 1400-talsmelodien gjer denne salmen umissande.

Ein genuin helgetorsdagssalme er Peder M. Ofvids "Vi fryder oss av hjertens grunn", som får slikt liv med Trond Kvernos melodi. Denne salmen er den einaste i salmeboka av Ofvid, som var den fyrste evangeliske salmediktaren og omsetjaren av format i Noreg. Det minste vi kan gjere, er å halde denne salmen i hevd.

Salmar:

201 I dag skal allting sjunge
eller
922 Ditt rike står gjennom alle tider
198 Til himlen opp for Herren Krist
204 I dag er det helg ifrå hei til hav
_______________________
197 Du vere lova, Jesus Krist
eller
199 Om salighet og glede
231 Vi fryder oss av hjertens grunn
200 Jeg ser deg, o Guds Lam, å stå
202 Lov Jesu namn og herredom

6. s. e. påske:

Tekster:
Hag 2,3-9
1 Pet 4,7-11
Joh 15,26-16,4

Dagen minner oss om kallet til å vitne om Jesus, men minner oss også om at vitnemålet kan koste, og at det difor er eit spørsmål om truskap mot kallet under motstand.

Salmen "Sonne der Gerechtigkeit", NoS 532, er sett saman som ein salme i vårt hundreår av strofer frå 3 forfattarar frå 17-og 18-hundretalet, m.a. av herrnhutisk opphav seg. Salmen har hatt ein sentral plass i nyare tysk salmesong og er no med i vår salmebok for fyrste gong. Den gamle melodien frå 1400-talet er med å gje salmen eit særskilt preg, og skulle ikkje vere vanskeleg å lære. Salmen høver tematisk svært godt som hovudsalme på denne sundagen.

Salmar:

415 Du Far og Herre, du som rår
532 Rettferds sol! Med signing blid
547 O Hellig Ånd, kom til oss ned
--------------------------------
515 Vår seiersæle helt og drott
654 Usynlig er ditt rike
529 Om alle mine lemmer
525 Rop det ut med hjertets jubel

SALMAR TIL PINSA OG SUNDAGANE ETTER PINSE

1. pinsedag:

Tekster:
1 Mos 11,1-9
Apg 2,1-11
Joh 14,23-29

Den latinske salmediktinga gav oss fleire store salmar til pinse. "Veni sancte Spiritus/ et emitte coelitus", frå omlag 1200, den såkalla "gyldne sekvens", er no borte frå vår salmebok. Han stod i Missale Nidrosiense, i omsetjing hjå Thomissøn og i fleire eldre salmebøker, vart omsett også av Grundtvig og kom derifrå med i Hauges salmebok. LR hadde han med i J.N. Skaars omsetjing: "Kom, o Hellig Aand, du milde". Framlegget til NoS hadde ei framifrå omsetjing av Johan Tufteland etter Grundtvig: "Heilag Ande, kom på ny". Ved ein hymnologisk vandalisme vart salmen nekta plass i NoS.

Ein anna av dei store latinske songane til pinse er antifonen "Veni sancte Spiritus, reple tuorum corda fidelium", frå 1000-talet. Denne antifonen vart omsett til tysk på 1400-talet. Det er nokså sikkert at det er denne salmen, og ikkje den ovannemnde, Luther tenkjer på, når han i ein bordtale fra 1539 (nr.4627) seier om "Komm, Heiliger Geist, Herre Gott": "Das lied hatt der Heilige Geist selber von ihme gemacht et verbis et melodia" ("Denne songen har Den Heilage Ande laga sjølv, både orda og melodien"). Så laga også Luther sjølv ei lett omarbeidd utgåve av det tyske verset og dikta attåt 2 vers. Landstads Salmebok hadde både ei attdikting etter Grundtvig av den latinske antifonen ("Gud Helligaand, opfyld med lyst"), og ei omsetjing av Luthers salme ("Kom, Hellige Aand, Herre Gud"). LR hadde berre med Luthers salme, medan Nyn.S. hadde ei attdikting av Blix av den latinske antifonen, "Kom, Heilag Ande, Kristi tolk". NoS 206 er eigenleg fyrste verset av Luthers salme i Landstads omsetjing, medan 207, trass i at J. Smemo er oppgjeven som omsetjar, tydeleg er ein mild revisjon av Blix' attdikting av antifonen. Når det er unnt oss å få dette sterke og tradisjonsrike verset med, må vi gjere det vi kan, for at det skal verte brukt.

Om Grundtvig som pinsediktaren har Ragnar Grøm skrive utførleg i NKM 5/1990. Grundtvig vil vere sterkt representert på kvar salmesetel. Vi meiner at "Apostlene satt i Jerusalem" i vår tradisjon er uløysande knytt til pinsedagen.

Jakob Slettens melodiar må vi ikkje gløyme i songen vår. Dei beste av dei har ein særmerkt tone som vi bør vere opne nok til å setje pris på no. Særleg tykkjer vi dei er kongeniale med tekstene åt Elias Blix.

Til sluttsalme på pinsedag har vi sett opp J.G. Whittiers "Du Far og Herre, du som rår". Denne salmen er noko for seg sjølv, og det var ikkje sjølvsagt at han skulle få plass i salmeboka. Kanskje kan han nettopp vere ei påminning på pinsedagen. Salmen er eigenleg ein del av eit større dikt, som har tittelen: "The Brewing of Soma". Whittier fortel at "soma" er offerdrykken som vert laga til for Indra i gamal indisk gudedyrking, og som set deltakarane i gudsdyrkinga i ekstase. (I Aldous Huxleys "Brave New World" er "soma" rusingsdrykken som held menneska i det framtidige tekniske skrekksamfunnet oppe). Men bruken av kunstige, åndelege stimuli høyrer ikkje berre den heidenske religionen til, meiner Whittier. Han finst også i den kristne gudsdyrkinga. Difor bed han: "Dear Lord and Father of Mankind, forgive our foolish ways" ("vår dårskaps vis"). Andens verknad er noko anna enn våre menneskelaga effektar.

Salmar:

923 Du sender ut din Ande
eller
224 Kved opp, Guds folk
221 Apostlene satt i Jerusalem
206/207 Kom, Heilag Ande, Kristi tolk
eller
217 Ånd over ånder, kom ned fra det høye
--------------------------------
215/216 Du loge av Guds kjærleiks eld
--------------------------------
225 Kom, Heilag Ande, himmeltrøyst
eller
218 Du som går ut fra den levende Gud
367 Min Jesus, lat mitt hjarta få
214 Sannhets tolk og taler
415 Du Far og Herre, du som rår

2.pinsedag:

Tekster:
Jes 44,2-6
Apg 10,42-48a
Joh 3,16-21

Tekstene på 2. pinsedag talar ikkje alle beinveges om Anden. Men det er likevel Andens gjerning, han som fører til Kristus og skaper tru, nytt liv og fellesskap, som er temaet for denne dagen. Det er også det som skal vere hovudtonen i salmane.

Salmar:

923 Du sender ut din Ande
eller
222 I all sin glans nu stråler solen
220 Frå himmelen Guds Ande fór
eller
227 Det skal ei skje ved kraft og makt
212 O Hellig Ånd, du skatt så skjønn
--------------------------------
215/216 Du loge av Guds kjærleiks eld
--------------------------------
208/209 Kom Ande med di skaparmakt
223 Kjærlighet er lysets kilde
658/659 Vårt alterbord er duka
694 Kom, du Guds kjærleik, kom

Treeiningssundag (1. s. e. pinse)

Tekster:
5 Mos 6,4-7
Rom 11,33-36
Joh 3,1-15

Sume har meint at Treeiningssundagen er ei feiring av eit dogme. Det er ikkje rett. Dagen minner oss om at den eine Gud samstundes er eit evig felleskap av tre personar, og at det er slik han har møtt oss i si openberring, og slik han vil ha samfunn med oss. Frelsa kjem til oss gjennom dåpen til den treeinige Gud.

Det store Te deum, NoS 261/262, kan vel høve som hovudsalme på denne dagen, men då må han ikkje avstyttast så han vert meiningslaus. Med denne salmen vart den kristne treeiningsvedkjenninga sungen inn kyrkjelydane. I høve til den overveldande posisjon som Te deum har hatt i kyrkja, og den omfatande bruken av salmen tidlegare (Luther ville ha salmen i bruk dagleg i bønegudstenestene), er salmens plass i vår gudsteneste svært liten. Det minste må vere at vi lyfter han fram på Treeiningssundagen. Diverre er det slik at vår norske omsetjing på eit vesentleg punkt er meiningsskiplande. Vi er ikkje sikre på kven som er skuld i dette. I originalen, hjå Luther og i danske omsetjingar, iallfall fram til 1729, er det Faderen som er tiltala med "du" og "deg" frå det fyrste verset og til og med den trinitariske doksologien ( vårt v.6). Både hjå Grundtvig, Landstad og Hauge og Matias Skard er dette rota til, slik at i v.6 vert alle tre personane i guddomen tiltala med eit "du", som må vere det same "du" som i v.1. Anders Hovden, derimot, hadde det rett (Nyn.S.nr.18)!

Salmar:

233 Gud er i sitt tempel
261/262 Du store Gud og Herre god
213 Kom, sannhets Ånd, og vitne giv
--------------------------------
351 Alltid vil jeg glad bekjenne
231 Vi fryder oss av hjertens grunn
350 Du nådens sol og sete
272 Hellig, hellig, hellig

2. s. e. pinse:

Til salmevalet etter pinse vil vi minne om at det er viktig at vi ikkje er for bundne til den einskilde sundagens tema. Serleg i denne kyrkjeårstida bør vi tenkje på å utnytte rikdomen i salmeboka: Salmar til årstida, morgonsalmar, salmar om sundagen som Herrens dag, om gudstenesta osb.

Tekster:
5 Mos 15,7-8.10-11
1 Joh 3,13-18
Luk 16,19-31

Tekstene på dagen kallar oss til ikkje å hange fast ved dei jordiske ting, men å dele dei gåvene Gud gjev, med nesten vår som treng dei.

Hovdens salme NoS 705 bør helst få ha melodien til "Fred til bot for bittert savn". Den deklamerer teksta, slik Hovden tydeleg har tenkt, betre enn "Redhead" gjer det.

Salmar:

233 Gud er i sitt tempel
705 Soli har sitt same lag
591 Ånd fra himlen, kom med nåde
--------------------------------
711 Du viste oss veien til livet
719 Brød for verden lot du vokse
659 Vårt altarbord er duka
716 Gud, du er rik

3. s. e. pinse

Tekster:
Jes 25,6-7
Op 3,19-22
Luk 14,16-24

Det er innbydinga til Guds gjestebod som er hovudbodskapen på denne dagen. Å vrake Guds nådige kall fører domen inn over mennesket.

Salmen NoS 368 er no førd attende til sitt originale metrum hjå Brorson. Utvidinga av line 2 var gjort for melodien skuld, og var opplagt ei poetisk veiking av salmen. I norsk folkesong heldt ein seg til Brorsons originale tekst, og vi skal gle oss over å ha fått salmen i den form og med den melodien som han no har.

Salmar:

931 I dag, om de får høyra Guds røyst
eller
233 Gud er i sitt tempel
241 Der mange skal komme fra øst og fra vest
398 O Jesus, gjør oss ganske små
--------------------------------
391 Til deg åleine, Herre Krist
651 Du ber oss til ditt alterbord
655 O Gud, i verdens ørkenland
368 O du min Immanuel

4. s. e. pinse:

Tekster:
Mi 7,18-19
Ef 2,1-10
Luk 15, 1-10

Dette er ein sundag som særleg forkynner bodskapen om Guds ventande og leitande kjærleik til syndarar. At dette har vore eit av dei kjæraste tema i salmane, veit vi. Det er viktig at vi også i salmevalet kan få fram rikdomen i talen om Guds nåde og breidden i menneska sine røynsler i møtet med Guds nåde.

Salmar:

930 Mi sjel, lov Herren
eller
233 Gud er i sitt tempel
374 Frydetonen går mot tronen
590 Hellig Ånd, o himmellue
--------------------------------
330 Guds Sønn har gjort meg fri
394/395 Å Jesus Krist, eg kjem til deg
324 Er Gud for meg, så trede
377 Kven kan seia ut den glede

5. s. e. pinse:

Tekster: 1 Mos 4,8-15 Rom 14,7-13 Matt 7,1-5

Denne sundagen set dømesykja vår opp mot den rekneskapen vi skal gjere for vårt eige liv. Det er godt om vi på denne dagen ikkje berre tenkjer på å avdekkje dømesykja, men òg på å oppmode kvarandre til den kjærleiken som gjer at vi ber over med kvarandre og hjelper kvarandre fram mot det evige livet. Det bør salmane vere med på òg.

Til opning har vi late det vere eit val mellom to heilt ulike salmar. Henrik Straumsheims salme til sumartida, NoS 767, er den einaste salmen av Straumsheim i salmeboka no, henta frå hans "Helgarkvede.Dikt" 1922. Det er kanskje vel mykje opprekning av naturfenomen i salmen, men han har likevel ein ekte lovprisingskarakter.

Zinsendorfs "Herz und Herz vereint zusammen" er fødd ut or den typisk herrnhutiske fellesskapskjensla. Zinsendorf var ein overlag produktiv salmediktar, attåt alt anna. Mykje var improvisert i forsamlinga, mykje var mindre godt, mykje inspirerte andre til å lage det om så det vart godt. Slik også med den umissande salmen vi har her, NoS 533. Opphavleg lydde 1.verset hjå Zinsendorf slik: "Herz und Herz vereint zusammen/ sucht in Gottes Herzen Ruh;/ Keusche Liebes-Geistes-Flammen/ lodern auf das Lämmlein zu,/ das vor jenes Alten Throne/ in der Blutrubinen Pracht/ und in seiner Unschuldskrone/ liebliche Parade macht!" Det er godt at salmebøker ikkje vert til utifrå pietet andsynes opphavsmannen!

Salmar:

533 Kristne, la oss søke sammen
eller
767 Solglans som skjelv over sumarblå kvelv
699 Som du dømer, fær du dom
530 O Fader, la ditt ord, din Ånd
--------------------------------
708 Gud, la vårt hovmod briste
657 Vi bærer mange med oss
706 Til kjærleik Gud oss skapte
606 Når veiene skilles, vi sier far vel

Jonsokkveld:

Tekster:
Mal 4,5-6
Apg 19,1-6
Joh 10,40-42

Med tanke på ei gudsteneste som aftansong jonsokkvelden nemner vi at salmane bør svare til Døyparens forkynning og ha botskarakter. Til dei to salmane som trengst, gjer vi framlegg om
390 Eg ropar, Herre Krist, til deg
eller
530 O Fader, la ditt ord, din Ånd
394/395 Å Jesus Krist, eg kjem til deg

6. s. e. pinse:

Tekster:
1 Mos 12,1-4a
Luk 5,1-11
1 Tim 1,12-17

På "Aposteldagen" bør vi minnast nettopp den apostoliske grunnvollen for kyrkja. Difor står ikkje tenesta vår allment i fokus, men vår truskap mot det apostoliske grunnlaget for tenesta.

Det bør no vere ei stor glede at vi har fått Grundtvigs perle av ein apostelsalme med i salmeboka, NoS 551. Her syng Grundtvig på sin uforliknelege måte om apostelordet som Andens levande ord i kyrkja .

Salmar:

569 Velsignet dag, o Frelser blid
551 Herre, din apostelskare
eller
537 Guds kirkes grunnvoll ene
548 Gud, la oss i din kunnskap fremmes
--------------------------------
532 Rettferds sol! Med signing blid
529 Om alle mine lemmer
647 Den største høgtid her på jord
545 Gud, hold oss oppe ved ditt ord

7. s. e. pinse:

Tekster:
5 Mos 30,11-16
Fil 3,3b-11
Matt 5,20-26

Å fylgje etter Kristus inneber å leve etter Guds vilje, slik hans lov var meint. Trua er også eit ja til det heilage livet. Dette var eit hovudpunkt for pietismen. Så er det rett at vi let Brorson kome til orde i høgmessesalmen på denne sundagen, NoS 410.

Salmar:

771 No kjem han frå Gud, vår signa dag
410 Hvordan takker vi vår Herre
424 Jesus, lat meg likna deg
--------------------------------
418 Med Jesus vil eg fara
eller
417 Mer hellighet gi meg
650 Jesus, livets sol og glede
425 Å, var eg meir deg, Jesus, lik
413 Hvor salig er den lille flokk

8. s. e. pinse:

Tekster:
Sal 147,1-11
2 Kor 9,8-12
Mark 8,1-9

Temaet på denne sundagen er ikkje utan vidare det same som på Midfastesundag. På Midfastesundag møter vi brødunderet under Johannesevangeliets perspektiv, det peikar på Jesus som livsens brød. Her er etter vår forståing Guds skaparomsorg som skal stå i sentrum, slik Jesus syner den i sitt under.

I NoS 766 har vi fått ei klenodium som berre Nyn.S. hadde før: Paul Gerhardts "Geh aus, mein hertz, und suche freud" i Støylens framifrå omsetjing av 6 vers av dei opphavlege 15 hjå Gerhardt. Gerhardt skreiv slett ikkje berre trøystesalmar, han dikta også salmar som lovpriser Skaparen og skaparverket. Betre enn andre omsetjarar til nordiske språk har Støylen teke vare på dei konkrete naturbileta og den direkte naturgleda i originalen. Söderbloms melodi gjer vår glede over denne salmen fullkomen. Særleg godt høver salmen på denne sundagen.

Salmar:

766 I denne fagre sumars tid
489 Kjære Guds barn, ver utan sorg
eller
891 Hjå deg er livsens kjelde
552/553 Djupe, stille, sterke, milde
--------------------------------
309 Jag kan icke räkna dem alla
eller
303/304 Sørg for meg, min Fader du!
319 Min hyrding er vår Herre Gud
653 Deg, herlegdoms konge, prisar vi
307 Til himlene rekker din miskunnhet, Gud
eller
299/300 No takka alle Gud

39. s. e. pinse:

Tekster:
Mika 3,5-7
Gal 1,6-9
Matt 7,15-20

Tekstene minner oss om at vi skal akta oss for dei falske profetane. Det skal få oss både til å vake og til å be om at slike profetar må verte haldne borte frå oss. Men vi skal òg be om at vi sjølve ikkje må vere slike som tener Gud i ein falsk åndelegdom.

Salmar:

887 Herre, til deg tek eg mi tilflukt
eller
585 Gud er her til stede!
544 Gud, sjå frå himmelen til oss
549/550 Guds ord, det er vår fedrearv
--------------------------------
554 Gud, la ditt ord i nåde lykkes
640 Vær velsignet, legem såret
636 Jeg kneler på din alterfot
528 Mektigste Kriste, menighetens Herre

10. s. e. pinse:

Tekster:
Ordspr 2,1-6
1 Kor 3,10-17
Matt 25,14-30

Det gode hushaldet som vi er kalla til, gjeld vel både dei gåvene vi har fått for vårt liv i verda, og det evige livs gåve.

Frå vår islendske systerkyrkje har vi ikkje fått så mykje salmetilfang. Vi må gle oss over det vi har, og mange har alt lært å setje pris på Sigvaldi S. Kandalóns vakre melodi til Ola Rudvins gode tekst, NoS 316.

Salmar:

316 Frå sola stig og strålar
715 Himmelske Far, du har skapt oss
547 O Hellig Ånd, kom til oss ned
--------------------------------
714 Intet er vårt
657 Vi bærer mange med oss
659 Vårt altarbord er duka
717 Herre, jeg vil gjerne takke

Olsok:

Tekster:
Sal 33,12-22
Ef 2,11-14
Luk 22,24-27

Vi vil gjerne kome med eit framlegg med tanke på ei olsokmesse etter ordninga for nattverd utanom høgmessa, alt.II. Helst bør det haldast aftansong saman med nattverdmessa. Då går i tilfelle den andre salmen ut, med di ein går frå forbøna i aftansongen til salmen før nattverden.

741 Ljoset over landet dagna
--------------------------------
745 Det kom et gledesbud til dette landet
eller
080 Du Ord frå alle æver
650 Jesus, livets sol og glede
246 For alle helgner
739 Gud signe vårt dyre fedreland

11. s. e. pinse:

Tekster:
Jer 18,1-10
Rom 9,1-5;10,1-4
Luk 19,41-48

Tekstene minner oss om at Guds nåde kan verte møtt med ei forherding som gjer at nåden går oss forbi. At mottakinga av nåden ikkje berre er ei eingongshandling, talar kollektbøna medvite om: "høyrer di røyst kvar gong du talar til oss". Guds folk skal åtvarast mot fråfallet, mot å ikkje akte kvar dag som nådens dag.

Salmar:

931 I dag, om de får høyra Guds røyst
eller
575 Høyr kor kyrkjeklokka lokkar
393 I dag er nådens tid
402 Opna hjartans dør
--------------------------------
395/396 Å Jesus Krist, eg kjem til deg
396 Jeg råde vil alle i ungdommens dager
144 Herre, hvor skal vi gå hen
605 Å, salig den Guds ord har hørt

12. s. e. pinse:

Tekster:
Jes 2,12-17
Luk 18,9-14
Rom 3,21-26

Tekstene på dagen avviser sjølvtryggleiken som ikkje let Gud vere Gud, og som ikkje vil vite av at menneskets einaste von er den ufortente frelsa.

Salmen "Es ist das Heil uns kommen her" av Paul Speratus, NoS 321, skriven alt i 1523, kanskje medan Speratus sat i fengslet, er vel den beste samanfatinga av den lutherske læra om trusrettferda som kan tenkjast, og attpå til ein god salme. Han kan godt vere hovudsalme på denne dagen, og syngjast oftare.

Av Edin Holme har vi ein song i salmeboka, NoS 345. Det er ei særmerkt røyst som talar her, og vi må la denne salmen kome til sin rett. Melodien av Sigurd Lunde deklamerer teksta vakkert og gjer salmen lett tilgjengeleg.

Jamvel om språket skaper store hindringar, er det vel ingen som kjenner seg åndeleg heime hjå einannan slik som nordmenn og finnar. Ei sams livskjensle har møtst med ein pietistisk vekkingskristendom båe stader. Trass i den nære skyldskapen det er mellom finsk og norsk spiritualitet, er det likevel lite vi har teke over frå Finnland i vår kyrkjelege salmesong. I NoS har vi fått med ein salme med eit særskild finsk tonelag, jamvel om teksta har ein tråd attende til Sverige, NoS 366. Denne salmen var med i utgåva av salmeboka "Laudamus", som Det lutherske verdsforbundet gav ut til generalforsamling i Helsinki 1963.

Salmar:

574 Det er så godt å vitja
321 Guds Sønn er kommet til oss ned
213 Kom, sannhets Ånd og vitne giv
--------------------------------
630 Gud, eg er ein syndar stor
397 Lær meg, Gud, min synd å kjenne
345 Ditt kors, o Krist, ble verdens sol
366 Opp, du min sjel, med sang

13. s. e. pinse:

Tekster:
1 Sam 3,1-10
2 Kor 3,4-6
Mark 7,31-37

Jesu lækjingsunder, når han opnar øyro på den dauve, vert i tekstene på dagen sett i sin åndelege samanheng. Det er Gud som må opne øyro våre, så vi høyrer hans tale, og løyse tunga, så vi kan vitne rett om han.

Gjennom engelsk salmesong har vi i metrisk attdikting fått formidla verdfulle stykke av songen frå den gamle kyrkja, også frå den austlege tradisjonen. I tillegg til NoS 634 har vi NoS 595 som knyter attende til den gamle Jakobsliturgien. NoS 595 hentar teksta frå utsendingsdelen i liturgien. Gustav Holsts praktfulle melodi er ikkje vanskeleg tilgjengeleg.

Salmar:

578 Gud, riv oss ut av tidens jag
eller
586 Lova Herren, han er nær
363 Å, om min lovsang
408 Jesus, åpne du mitt øre
eller
563 Herre Gud, lat opp vårt øyra
--------------------------------
546 Herre, tal, din tenar lyder
505 Jesus skal rå så vidt som sol
638 Opp, jublende sang!
595 Deg prisar vi, Herre

14. s. e. pinse:

Tekster:
3 Mos 19,16-18
1 Joh 4,7-10
Luk 10, 25-37

Temaet for sundagen er den heilhjarta kjærleiken som Guds bod krev av oss, og som hans kjærleik til oss i Jesus Kristus opnar som noko mogleg og naudsynleg for oss.

Forfattarspørsmålet til NoS 641, "Jesus, din søte forening å smake", er detektivgåta i salmeboka. I ein biografisk omtale av den danske prest og biskop Peder J.Hygom frå 1841 vert det sagt at han er forfattar til salmen, som stod i Pontoppidans salmebok frå 1740. Problemet er berre at i "Einige Geistreiche Lieder" frå 1733 er det ein tysk tekst til salmen, "Jesus=Sofia! ich such und verlange", med presten J.L.C. Allendorf som forfattar. Det viser seg også at denne tyske salmen står i "Anmuthiger Blumenkranz" frå 1712, salmeboka åt dei svermariske filadelfianarane i Tyskland, men der anonymt. Kan det vere, som sume vil ha det til, at Hygom har dikta salmen på tysk og sidan omsett han til dansk? Umogleg er det ikkje, for Hygom hadde ei tyskspråkleg opplæring. Men så er det det at Hygom elles ikkje er kjend som salmediktar. Kan eit menneske ha dikta ein stor salme, og ikkje meir? Og kan han ha dikta ein slik salme då han berre var i tjueårsalderen? Det siste er no like vanskeleg med Allendorf, for han var heller ikkje eldre. Kanskje skal vi halde oss til teorien om at salmen har ein anonym sør-jydsk salmediktar som sitt opphav. Påstanden at Hygom skulle vere omsetjar av salmen, har ikkje annan bakgrunn enn merknaden frå 1841 om at han er forfattar til salmen.

Iallfall er salmen eit heilstøypt verk, ulik det som elles stod i "Blumenkranz". Og han kom til å spele ei særskild rolle i norsk kyrkjesoge gjennom H.N.Hauges kallsoppleving.

Salmar:

370 Hvert et lys i livets natt
706 Til kjærleik Gud oss skapte
580/581 Vår Gud av nåde rik og stor
751 Kvardagskristen vil eg vera
eller
701 Å, har du høyrt den gråten sår
694 Kom, du Guds kjærleik, kom!
641 Jesus, din søte forening å smake
413 Hvor salig er den lille flokk
eller
603 Kom, la oss kjærlig vandre

15. s. e. pinse:

Tekster:
Sal 146
Luk 17,11-19
1 Tess 5,15-24

Takksemda som svaret på Guds velgjerningar er temaet for denne sundagen. Dette svaret er nettopp sjølve gudstenesta, seier Luther i si preike over evangeliet om dei ti spillsjuke: "Det er den rette gudstenesta: å kome attende, å høglove med kraftig røyst".

Salmar:

930 Mi sjel, lov Herren
eller
275 Gjev meg, Gud, eit salmemæle
320 Kom, tilbe med fryd
593/594 Du kalla oss til kyrkja
eller
210/211 No bed vi Heilaganden god
--------------------------------
269 Overmåte fullt av nåde
265 Gladelig vil vi halleluja kvede
297/298 Mi sjel, mi sjel lov Herren
274 Himlens konge vil vi prise

16. s. e. pinse:

Tekster:
1 Kong 17,8-16
Gal 5,25-6,5
Matt 6,24-34

Det er nøye samanheng mellom det å søkje Guds rike og hans rettferd fyrst, dvs. å ha Gud til Gud, og det å vere fri frå sutene for alt som trengst til livet.

Salmar:

877 Søk fyrst av alt Guds rike
eller
578 Gud, riv oss ut av tidens jag
303/304 Sørg for meg, min Fader, du!
eller
527 Syng trøstig til Guds ære
210/211 No bed vi Heilaganden god
--------------------------------
318 Tusen stjerner blenkjer
894 Einast i von til Gud er mitt hjarta stille
eller
633 Som korn fra vide åkrer
641 Jesus, din søte forening å smake
308 Alt står i Guds faderhånd

17. s. e. pinse:

Tekster:
Hos 6,1-3
2 Tim 1,9-12a
Joh 11,17-27.37-44

Denne sundagen minner oss om at kvar sundag er ein påskedag, og at Jesu død og oppstode har med vår livsvon å gjere. Difor bør salmane på dagen tale om vår forgjengelegdom og død i lyset av Kristi oppstode.

Salmar:

512 Nå lovsyng Herrens navn
829 Dauden gjennom verdi gjeng
eller
835 Hvem vet hvor snart mitt liv skal ende
591 Ånd fra himlen, kom med nåde
--------------------------------
839 Lat sorga og klaga di stilne
645 Herre Jesus, kom til stede
188 Ljos over grav
368 O du min Immanuel

18. s. e. pinse:

Tekster:
Jes 1,12-17
Rom 14,1-8
Mark 2,18-28

Dette er den evangeliske fridomens sundag. Den fridomen som er fridomen frå domen og Satans makt, er også ein fridom frå menneskelaga bod og frå dei bod som etter Guds vilje ikkje høyrer evangeliets tid til.

Salmar:

928 Kor elskeleg din bustad er
eller
573 Her er Guds hus og himlens port
322 Nå fryd deg, kristne menighet
704 Løst fra gamle trelldoms bånd
591 Ånd fra himlen, kom med nåde
--------------------------------
375 Vi stemmer i en frydesang
649 Du opnar, vår evige Fader
330 Guds Sønn har gjort meg fri

Til dei fylgjande sundagane er det ført opp heller mange alternativ. Det kjem ikkje berre av at det har vore mange gode salmar å velje mellom, men òg av at vi har ført opp mange nye salmar, som kanskje ikkje alle ser seg råd med å nytte på ein gong.

19. s. e. pinse:

Tekster:
1 Kor 1,4-9
Mark 12,28-34
Sal 73,23-28

Hovudtemaet på denne sundagen er vørdnaden for Guds lov, som krev den heile kjærleiken til Gud og nesten. Denne kjærleiken er ikkje mogleg som ein prestasjon som skal fortene Gudsriket, men berre som ei frukt av samfunnet med han som gjev Gudsriket ufortent.

Salmar:

478 Gud, send ditt ljos di sanning ut
223 Kjærlighet er lysets kilde
694 Kom, du Guds kjærleik, kom
--------------------------------
325 Ett behøves, dette ene
626 Uverdig er jeg, Herre
639 O Jesus, for din alterfot
276 Lovsong skal all heimen kveda

20. s. e. pinse:

Tekster:
1 Mos 15,1-6
Rom 4,1-8
Mark 2,1-12

Av salmeboka kan vi lett sjå at trua og rettferdiggjeringa av syndaren, det sentrale temaet i den evangeliske kristendomsforståinga, også har vore eit kjært tema for diktarane. Blix og Hovden kjem vi ikkje utanom på denne dagen.

Salmar:

271 Halleluja! Vår Gud er stor
339 Jesus Krist, du nådens kjelda
210/211 No bed vi Heilaganden god
--------------------------------
343 Di rettferd er min bunad
336 Å, kor djup er Herrens nåde
314 Løftene kan ikke svikte
440 Hjelp meg, å kjæreste Jesus, å vinne

21. s. e. pinse:

Tekster:
1 Mos 1,27-31
1 Kor 7,29-35
Mark 10,2-9

Ekteskap og familie er eit brennaktuelt tema. På denne dagen bør det talast så direkte om dette som råd er, og vi skal syngje om samlivet som Guds gode gåve og om kjærleik og truskap.

Vi gjer eit djervt framlegg om Vassbotns "Å leva, det er å elska" som slutningssalme. Åleine kan denne salmen verte tom, allmenn svada. Men dersom Guds ord og vilje har fått lyde i gudstenesta, kan salmen på overraskande vis samle alt i ein sum.

Salmar:

712 Syng ein song av hjartans grunn!
706 Til kjærleik Gud oss skapte
584 Jesus, Frelser, vi er her
--------------------------------
716 Gud, du er rik
674 Herre over alle slekter
650 Jesus, livets sol og glede
698 Å leva, det er å elska

22. s. e. pinse:

Tekster:
2 Mos 3,11-15
Apg 17,22-32
Joh 12,44-50

Det er Guds openberring av seg sjølv som står i fokus på denne dagen, han som valde å kome oss i møtes i si openberring i den gamle pakta og på fullkome vis i Sonen, Jesus Kristus.

Salmar:

203 Gud har fra evighet
419 Jesus, du er den himmelveg
090 O Krist, du sanne lys og vei
--------------------------------
266 All lov og pris og ære ver
656 Vår lovsang skal møte deg, Kristus
324 Er Gud for meg, så trede
eller
479 Deg å få skode
338 Du som freden meg forkynner

Bots-og bededag:

Tekster:
Jes 59,1-4.8-9
Gal 5,16-24
Matt 3,7-12

Uavhengig av historia attom Bots-og bededagen har han no ein umissande plass i vårt liturgiske år. På denne dagen skal vi på særskild vis samle oss om bot og oppgjerd med det livet vi lever som einskildmenneske og fellesskap i dagens verd.

Det er vår meining at Luthers "Av dypest nød" må vere ein udiskutabel hovudsalme på dagen, og vi viser til Ragnar Grøms utgreiing i NKM 7/1990.

Salmar:

236 Herre, Gud Fader, du vår høgste trøyst
eller
239 Når i vår største nød vi ser
eller
931 I dag, om de får høyra Guds røyst
237 Av dypest nød jeg rope må
240 Det kveldar snøgt for denne verd
--------------------------------
238 Vend bort din vreide
241 Der mange skal komme
eller
242 På høye tid å søke Gud

Helgemesse:

Tekster:
Jes 49,8-10
Op 7,9-17
Matt 5,1-12

I den evangeliske kyrkja har visseleg helgenane sin plass, som dei som har gått vegen føre oss i trua. Difor handlar dagen om den truande, stridande og sigrande kyrkja. Valet mellom alle dei store salmane på denne dagen er pinefullt.

Salmar:

840 Å Jerusalem, du sæle
eller
243 Jerusalem, du Herrens høge stad
eller
249 Solrenning sæle
244/45 Den store, kvite flokk
213 Kom, sannhets ånd
--------------------------------
542 Guds menighet
eller
247 Hen over jord et pilgrimstog
633 Som korn fra vide åkrer
842 Min største hjertens glede
eller
858 Å, hvor salig å få vandre
246 For alle helgner

25. s. e.pinse:

Tekster:
Esek 37,1-5.10-14
2 Kor 5,1-10
Joh 5,24-29

Dei siste sundagane i kyrkjeåret har alle eit eskjatologisk preg. Denne sundagen er det oppstoda og det ævelege livet som står i fokus.

Salmar:

196 Døden må vike for Gudsrikets krefter
859 Renn opp over grav, du signa sol
181 Jesus, som iblant oss står
eller
833 Himmelskapar, høyr
--------------------------------
853 O kristelighet
eller
847 Den siste skilnad er vel sår
195 Livet vant, dets navn er Jesus
846 Eia, mitt hjerte inderlig jubilerer
eller
843 Eg veit i himmerik ei borg
863 Ja, engang mine øyne skal
eller
841 Oppstandelsen og livet visst

26. s. e. pinse:

Tekster:
Amos 4,6-8.12-13
1 Tess 5,1-5
Luk 17,20-30

I dag gjeld tekstene teikna på Herrens atterkome og det å vere budd til å møte han.

Salmar:

852 Snart klarner opp den dunkle sky
eller
254 Tiden svinner, tiden rinner
442 Opp, våk og be
592 Kom, Frelsar, kom inn
--------------------------------
258 Vi hilser din gjenkomst
eller
255 Livet lid
865 Snart river dine hender
eller
234 Jesus, du har bragt Guds rike
643 Vår Herre Jesu minnefest
eller
634 Lat kvar jordisk skapning teia
648 Vår Gud, ver evig lova
eller
250 Kom, ven, lat oss vandre på innvigde jord

Siste s. i kyrkjeåret:

Tekster:
Jes 65,17-19
Op 20,11-13
Matt 25,31-46

På den siste sundagen i kyrkjeåret er domen hovudtemaet. Vi let den klassiske "Dies irae" stå alternativt med E.Skeies mektige og originale salme, som alt er vorten umissande i vår kyrkjesong.

Salmar:

251 Jesus ved Guds høgre tronar
252 Vreidedagen, han skal renna
eller
260 En dag skal Herrens skaperdrømmer møte
210/211 No bed vi Heilaganden god
--------------------------------
253 Sions vekter hver røsten
257 Du er Gud over år og tider
259 Herre, når din time kommer
eller
860 Å salige dag
256 Å, tenk ein gong når alle fram skal stemna

Hausttakkefest:

Tekster:
Sal 67,2-8
Apg 14,8-18
Luk 12,13-21

Ved ein hausttakkefest bør både det "økologiske" aspektet, samanhengen mellom alt det skapte, og det eskjatologiske aspektet vere med. Det er mange salmar å velje mellom. Tidspunkt og gudstenesteform vil ha sitt å seie for valet, men vi nemner nokre salmar som høver.

Salmar:

293 Kor herleg, Gud, å prise deg!
281 Takk, gode Gud, for alle ting
226 Du, Herre, dogg frå himlen sender
--------------------------------
287 Eg ser deg, Gud, i kvar den blom som tirer
284 Heilag, heilag, Herre stor!

Vi har med våre salmeplanar ynskt at kyrkjelyden skulle få høve til å verte kjend med så mykje av rikdomen i salmeboka som råd er. Om vi ser bort frå typiske kasualiesalmar og salmar for andre høve enn høgmessa, meiner vi at vi har gjort bruk av omlag 50% av det aktuelle materialet i salmeboka. Det ville gle oss mykje om framlegga våre har ført til at salmesongen har vorte litt rikare for nokon enn han elles ville ha vore.

Siri og Arve Brunvoll

Date of precentation: 19. June 1997