INNLEVERINGSOPPGÅVE PEDAGOGIKK GRUNNFAG
Namn: Anonymus
Valeining: Familiepedagogikk Talet på ord: 3820 Innhald
Sitat............................................................................................... 2 "Men Mattis ville ikke gi datteren fra seg. Han stod der og så forundret på de klare øynene hennes, på den vesle munnen, de mørke hårtufsene, de små hjelpeløse hendene, og han grøsset av bare kjærlighet. "Du barn, i de små hendene holder du alt røverhjertet mitt", sa han. "Jeg skjønner det ikke, men slik er det." (Lindgren, 1981, s.9.)
"Kjærlighet er selve hjørnesteinen i oppdragelsen." (Evenshaug og Hallen, 1997, s.131)
1.0. Innleiing Eg har valgt ei bok av Astrid Lindgren, "Ronja Røverdatter", som utgangspunkt for denne oppgåva. Eg meiner at denne boka har mykje i seg som er aktuelt når ein snakkar om forholdet mellom barn og foreldre. Først og fremst er boka Ronja Røverdatter ei eventyrbok, og kan reknast som det nokon kallar for fantastisk litteratur. Mykje av det som skjer i boka er urealistisk, som for eksempel at Ronja går aleine ut i skogen aller første gong ho er der. Kvifor samanlikne eit eventyr med familielivet i dag? Boka fortel om røvarar og tusser og troll, og er langt i frå vår kvardag i tid og rom. Men allikevel trur eg boka har mykje å fortelje oss om det å veksa opp i ein familie. Eg synes at boka for det første er ei forteljing om kjærleik, med sterke band knytt mellom menneska i den. Eg vil skriva litt om omgivelsane rundt handlinga i boka, og gje eit kort handlingsreferat, for å skapa eit bilde av det som skjer. Så vil eg prøve å beskriva hovudpersonane, og korleis Ronja har det i sin barndom, og den alvorlege konflikten som oppstår. For å få eit perspektiv på Ronja sine oppvekstsvilkår vil eg skrive om det i forhold til dei oppvekstvilkåra me har i dag. Under punktet om Astrid Lindgren og barnet vil eg prøve å få fram eit glimt av det menneskesynet ho viser oss gjennom bøkene sine. Tilslutt vil eg prøva å oppsummera det eg synes boka om Ronja Røverdatter formidlar. 1.1. Omgivelsane i boka, tid og stad. I den store Mattisskogen ligg den urgamle Mattisborga. Der bur røvarhøvdingen Mattis med familien og dei 12 røvarane sine. Eg får inntrykk av at handlinga går føre seg mot slutten av middelalderen. Reidar Myhre skriv om korleis samfunnet var ordna på denne tida:
Dette gir meg assosiasjoner til det truskaps og underordningsforholdet røvarane har til Mattis. Den livsstilen dei har, er prega av røvarlivet, sang, dans og drikke. Dei røver heile sommaren, og dansar, syng og spelar terningar heile vinteren. Denne livsstilen kan minna om den som ein finn skildra i dei komiske heltedikta og hos ein diktar som Boccaccio(1313-1375): "Her prises sanselighet fremfor avholdenhet, spill og drikk fremfor bønn og faste, rikdom fremfor fattigdom, og dennesidige fremfor hinsidige." 1.2. Kort handlingsreferat. Ein stomfull natt vert Ronja fødd i Mattisborga. Same natta revner den store borga i to. Ronja veks opp i den store steinsalen, og når tida kjem, får ho dra åleine ut i skogen og utforska den. Ein dag er ho ute og utforskar Helvetesgapet, gapet der borga er delt i to. Ho oppdagar Birk, sonen til Borka, erkefienden til Mattis. Ho blir glad, fordi det er første gong ho møter eit anna barn. Men då ho skjønar at han er son til Borka, vert ho eitrande sint. Dei byrjar ein livsfarleg konkurranse, som ender med at Birk ramlar ned i Helvetesgapet. Men Ronja berger livet hans. Det viser seg at Borkarøvarane har flytta inn i den andre halvdelen av Mattisborga. Dette skapar krigerske tilstandar. Det røvarane ikkje veit, er at Ronja og Birk utviklar eit nært søskenforhold til kvarandre. Mattis tar Birk til fange for å få vekk Borka, utan at han veit kva konsekvensar det får. Ronja redder Birk, og Mattis seier at han ikkje har eit barn lenger. Ronja og Birk rømmer saman ut i skogen for å bu i Bjørnehola. Der bur dei heile våren og sommaren, til vinteren nærmar seg. Endeleg ein dag kjem Mattis og ber dei komme tilbake. Det blir ei etterlengta forsoning, og Mattisrøvarane og Borkarøvarane vert enige om å slå seg saman.
2.1.Hovudpersonane i boka: Ronja: Sterk og vilter. Ho veit kva ho vil, og gir ikkje opp så lett. Ho har ein sterk rettferdighetssans, og kan vera veldig stolt. Ho har og eit sterkt temperament, og kan bli illsint. Men det varer ikkje særleg lenge. Ho er sterkt knytta til faren og mora, på ulike måtar. Mattis, far til Ronja: Mattis er ein stor, sterk røvar med rungande røyst og eit voldsomt temperament. Han er som ein stor gutunge dersom han ikkje får det som han vil. Han er eit kjenslevart menneske, og har lett for å ta til tårene. Mattis sin bekymring for Ronja:
Mattis har tradisjonell autoritet, som Max Weber snakkar om (Evenshaug og Hallen, 1997, s.65). Han har nedarva status, det er han som er høvdingen. Men han bruker ikkje denne autoriteten ovenfor Ronja, meir ovenfor røvarane sine. Den verkelege autoriteten hans er den personlege autoriteten som Reidar Myhre snakkar om:
Lovis, mor til Ronja: Lovis er roleg og sterk. Ho veit kva ho vil, og styrer røvarane med fast hand. Ho lar Mattis få tura på, men om han går for langt, grip ho inn:
På ein måte er Lovis som ei mor for røvarane og, ikkje minst for Mattis. Det er ho som må ordna opp tilslutt i dei fleste situasjonar. Ho har ein personleg autoritet, byggd på respekt og anseelse:
For Ronja representerer mora trygghet, ro og stabilitet. Dei to er dei einaste kvinnene blant 13 røvarar, og dei står saman og støtter kvarandre. Då Ronja rømmer uti skogen med Birk for å bu i Bjørnehulen, er det tydeleg at ho prøver å gjera som Lovis:
Lovis er eit naturleg forbilde for Ronja:
Skalle-Per: Skalle Per har alltid vært der, så lenge Mattis kan huska. Han er ein godlynt gammal mann, som liker å spøka. Han klarar å setta Mattis på plass på ein godlynt måte. Han er ikkje opptatt av å få fram meiningane sine med høglytte talar, me får eit innblikk i hans meiningar gjennom hans små kommentarar. Skalle-Per er ein god venn for Ronja, og mange av dei meiningane han har, får stor innverknad på henne.
Birk Borkason: Birk er meir roleg og tenkande enn Ronja. Han er meir tolmodig, og han får Ronja til å tenka på nye ting, og til å sjå ting på ein annan måte. Det er heilt spesielt for Ronja å møta Birk og bli kjent med han. Ho har aldri møtt andre barn, og dei to får eit heilt spesielt forhold til kvarandre. For Ronja blir kjæleiken til Birk vanskeleg, fordi det er vanskeleg å vera glad i både han og faren samtidig. 2.1. Ronja sin barndom,- og kjærleiken. Ronja knytter sterke band til faren alt som lite barn, og Mattis bruker mykje tid saman med henne:
Ronja veks og blir større, og endå ei stund er ho berre heime i Borga. Som andre barn også gjer, trudde ho at heimen hennar var heile verden:
Men ein dag bestemmer Mattis seg for at Ronja skal få gå ut i skogen. Han har kvidd seg for det lenge, mens Lovis meiner at det er på høg tid. Ronja går ut i skogen, og me ser den glede og undring ho opplever over alt det nye og ukjente:
Ronja er aktiv, ho vil gjerne lære. Ho prøver ut nye situasjonar kvar dag. Det er ikkje noko ho bevisst tenker over, det virkar meir som ei indre drivkraft:
Ho treng ikkje å bli sett i gong av andre, og kan leika i skogen dagen lang utan å bli lei:
Ronja er sterk og har sterk vilje. Det virkar som det er mykje på grunn av den oppdragelsen som Lovis og Mattis har gitt henne. Dei har fortald henne at ho er fantastisk og at dei elskar henne. Allereie frå ho var eit lite barn, vart ho sett på som eit sjølvstendig menneske. Dei har gitt ho frihet og ansvar til å utforska verden på eiga hand. Dei stoler på henne, og trur at ho klarar seg sjølv. Sjølv om Mattis er ein røvarhøvding har tydeligvis Ronja vakse opp med ein god moral. Mattis har gitt streng beskjed om at ingen får fortelje henne kva ein røvar verkeleg gjer. Det tyder jo på at han ubevisst synes det han gjer er gale, for ellers ville han vel ikkje hatt problem med å fortelje det. Han ventar med å fortelje det til Ronja til ho er stor nok til å vurdere det sjølv. Ronja har stor ansvarskjensle og medkjensle, og innlevingsevne. Ho har det vondt med seg sjølv når ho må skjule vennskapet med Birk for foreldrene, fordi ho er vant med å ha eit åpent forhold til dei og fortelje dei alt. Det verkar som Ronja også har ein naturleg evne i seg, til å gjera det gode:
2.3.Konflikten. Dei normer og reglar som ein har lært, får eit anna syn når ein møter andre mennesker. Ronja har lært at Borkarøverene er nokon drittsøvlar, utan at ho nokon gong har møtt dei. Dette trur ho på, heilt til ho vert kjend med Birk. Då skjønar ho at mykje av det som skjer er bygd på gamle fordommer og tradisjonar. Ho byrjer å sjå ting på ein annan måte:
Ronja krever at Mattis skal fortelje henne kva han har tatt utan å spørre, og her har Mattis akkurat gitt Ronja eit svar på kva det inneber å vera røvarhøvding:
Sjølv om Ronja ikkje likar dette, elskar ho Mattis svært høgt, og godtar at han er den han er. Men kva er det som gjer at Ronja forlater sine eigne? I all hemmelighet knyttar ho gradvis sterkare band med Birk. Så når faren tar Birk til fange kan ho ikkje stilla seg utanfor lenger. Ho gjer det einaste ho kan gjere, ho reddar Birk, og mister faren. Eg trur at den konflikten som er mellom Ronja og Mattis, er aktuell. Sjølv om dette er ein spesiell konflikt, opplever ofte barn og foreldre at barnet forandrar seg, og får ein levestil, eller er saman med nokon dei ikkje kan akseptere. Gunn Imsen skriv om fremmedfølelsen:
I slike situasjonar kan barnet/ungdommen reagere med å flytta ut; "Eg orkar ikkje å bu heime lenger, eg må vekk!" Det kan vera sårande for foreldra å sjå at barnet tar standpunkt stikk i strid med deira eigen overtyding. Det kan og vera sårande om barnet/ungdommen blir knytt til nokon som foreldra ikkje vil akseptera eller vita noko av. Dette får ungdommen til å føla seg splitta mellom dei ho er mest glad i, slik som Ronja kjenner seg splitta mellom Mattis og Birk. Mattis set Ronja i ein umulig posisjon, ho må ta eit valg ho ikkje vil gjera.
3.0.Ronja sine oppvekstsvilkår samanlikna med oppvekstsvilkåra i vårt samfunn:
Ronja sine oppvekstsvilkår: Ho lever i nærkontakt med naturen, får bruka kroppen sin, lærer natur og dyr å kjenna. Ho lærer korleis ho skal klara seg på eiga hand, utan hjelp frå foreldrene. Ho lever i samspel med naturen, og ho har respekt for den. På denne måten utvikler ho sjølvstende. Ho lever i eit lite samfunn. Ho veks opp utan andre barn omkring seg. Ho kan ikkje velgje på same måte som barn i dag. Ho har berre borga og skogen. Før ho møter Birk er ho heilt åleine som barn, og når ho først er blitt glad i han oppdagar ho kva det vil seie å vera einsam. Først vil ho ikkje dela skogen med han, men etter ei stund kan ho ikkje leve utan han. Ein anna ting er at ho får ein einsidig påvirkning, av å leva saman med ein røvarfamilie. Ho får ikkje møta andre mennesker, dei einaste ho høyrer noko om er borkarøverene og knektane. Og ingen av dei er noko særleg vakkert omtalt. Mattisrøvarane er uhøvla i språket, og likar å drikka og festa. Alt dette vert ho lært opp til. I vårt samfunn i dag har barna eit større nettverk rundt seg, gjennom skule, fritid, og andre vaksne. Det er spesielt positivt at dei har andre barn å leike med. Tilhøva ligg til rette for at dei kan utvikla sitt intellekt, og til å velga utdanning og yrke etter evne og ynskje. Dei får møta ulike kulturar, og mange ulike verdisyn. Dei må læra å vera kritiske til all informasjonen dei mottar, og å bli bevisst på kva dei vil. Mesteparten av tida er barna i dag saman med barn på sin eigen alder og får liten kontakt med vaksne og eldre. På den måten mister dei mykje av den automatiske og natulige oppdragelsen. Dei har også liten kontakt med eldre born. Dette har samanheng med at barna er plassert i barnehagar og skular ofte langt vekk frå nærmiljøet. Vaksne og barn arbeider på ulike arenaer. Før kunne barna følgja med på foreldrene sitt arbeid, og fekk tidleg sine oppgåver i heimen. Det var bruk for dei, dei kunne oppleva seg betydningsfulle. Men slik det ofte vert framstilt, kan det verke som om foreldra bruker gradvis mindre tid saman med barna sine. Dette stemmer ikkje, og i boka "Familiepedagogikk" kan me lesa dette: "En undersøkelse viser at familiene tilbringer mer tid sammen enn de gjorde i 1920-åra" (Evenshaug og Hallen, 1997, s. 174). Me lever i eit pluralistisk samfunn, eit innvikla nettverk på både godt og vondt. Arenaen i dag er blitt heile verden, og me møter den gjennom TV, aviser, radio og Internett. Då er familien svært viktig for barnet, fordi den kan og bør fungera som ein filterfunksjon. Evenshaug og Hallen skriv om familiens filterfunksjon: "Familien representerer barnets første samspillsarena, foreldrene levendegjør kulturen og samfunnets verdier normer og roller" (Evenshaug og Hallen, 1997, s.23). Det og vera foreldre før og no blir sett på som ganske forskjellig. Henning Rye skriv om korleis det var for nokon generasjonar sidan:
Han skriv og om dei krava som samfunnet stiller til foreldre i dag:
Lovis og Mattis har aldri lært korleis dei skal vera foreldre, dei bruker sine eigne erfaringar og innstinkt som grunnlag. 4.0.Astrid Lindgren og barnet: Som forfattar tar Astrid Lindgren barnet på alvor. Ho skriv ikkje om det generelle med barnet, men det spesielle. Ho får fram at kvart enkelt barn er unikt. Ho viser at barn reagerar ulikt, og handlar ulikt. Det virkar ikkje som ho prøver å analysera og forklara barnet, det er meir som ho beskriver det. Eg får inntrykk av at ho har respekt for individualiteten, som Mollenhauer skriv om i si bok, "Glemte sammenhenger":
Dette er viktig å huska når ein gjer seg opp meiningar om barn. Ein bør alltid ha respekt for individualiteten, og huska at kvart enkelt individ er noko heilt for seg sjølv. Astrid Lindgren sine bøker handlar ofte om kampen mellom det vonde og det gode, som det også handlar om i fortellinga om Ronja Røverdotter. Astrid Lingren kom til å revolusjonera barnebokverda med sitt forfattarskap:Med Pippi Langstrømpe byrja ein ny epoke i barnebokverda. Pippi kom til å verta symbolet for det frie mennesket som trossar konvensjonar og autoriteter og befrir barnet og barnelitteraturen frå tyngda av trang moralisme. Astrid tolkar barnet sin situasjon i ei moderne verd, der dei eksistensielle spørsmåla står i sentrum: Liv-død, godt-vondt, mot-redsel. Ho skildrar det trygge, leikande barnet, men og risikoen; idyllen vert kantra av farer og ulykke. Mest vert ho fengsla av det einsame, overgitte barnet, som søker kjærleik og bekreftelse, og som skaper si eiga fantasiverd. I Ronja Røverdotter (1981) utnyttar ho ein bortgløymd, men under 1800-talet popular genre, røvarromanen, for å framstilla ein moderene generasjonskonflikt. Hennar sterke kjensle for naturen fekk også her spelerom. 5.0.Konklusjon.
Det er nokre grunnleggjande element som går igjen i oppdragelsen, og eg trur at Ronja lærer mykje av det som er grunnleggjande hos foreldrene sine: Mattis og Lovis er ikkje dei perfekte foreldre, dei gjer feil, spesielt Mattis. Men likevel er dei gode foreldre fordi dei elskar Ronja og ynskjer henne det beste. Dei ser henne, og ho veit at dei elskar henne. Boka handlar om å verta vaksen, og om å lausrive seg frå foreldra sine. Ronja reiser ut i skogen, som er hennar verden. Der vil ho prøva ut alt det farlege som ho har blitt åtvara mot. Ho vil testa sine eigne grenser, utan hjelp frå foreldrene. Dei går med på det, fordi dei veit at det er slik det må vera for at ho skal bli vaksen og sjølvstendig. Etterkvart finn ho ut at ho har eigne meiningar, og at ho er uenig med foreldrene. Ho trossar faren, til hans store overrasking og smerte. Eg synes boka formidlar noko om at foreldre bør la borna sine få sjanser til å bli sjølvstendige menneske, og våga å sleppa dei ut i livet. Som foreldre kan me ikkje beskytta dei mot alle farer og problem, uansett kor mykje me ynskjer det. Me kan heller ikkje påtvinga dei våre meiningar. Men samtidig seier Astrid Lingren noko om kor grunnleggande viktig mor og far er for barnet, og at dei må passa på barna sine til dei er rede til å verta sjølvstendige. Ho klarar å få fram den sterke kjærleiken som kan vera mellom foreldre og barn, og kor vanskelig det kan vera i sleppa kvarandre fri. Eg synes at boka om Ronja viser at kjæleiken er grunnsteinen i oppdragelsen(Evenshaug og Hallen, 1997), og at det er den sterke kjærleiken som sigrar til slutt. Sjølv om dei har det svært vanskeleg, klarar dei å finne tilbake til kvarandre, fordi kjærleiken til kvarandre er så sterk. Litteraturliste:
Evenshaug O. og Hallen D. (1997). Familiepedagogikk:Oppdragelsens
|